Ole Rasmussen Apeness

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ole Rasmussen Apeness
none  Ole Rasmussen Apenesspå eit måleri av Hedevig Lund,tilhøyrer Eidsvoll 1814
Ole Rasmussen Apeness
på eit måleri av Hedevig Lund,
tilhøyrer Eidsvoll 1814
Fødd 11. februar 1765
Borre i Vestfold
Død 14. februar 1859 (94 år)
Parti Unionspartiet
Yrke Gardbrukar, soldat og lensmann
Verv Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
 - valkrins Jarlsberg grevskap
Wikimedia Commons: Ole Rasmussen Apeness
Minnebauta over Apeness (og Herman Wedel-Jarlsberg) utanfor Sem kyrkje

Ole Rasmussen Apeness (11. februar 176514. februar 1859) var ein soldat, lensmann, gardbrukar og eidsvollsmann.

Apeness var frå Borre i Vestfold. Han vart soldat i 1783, og deltok i felttoget mot Sverige i 1788. Sidan var han underoffiser i fem år. År 1794 vart han lensmann i Borre, eit ombod han hadde i 30 år. Han kjøpte då, 1824, ein gard i Sem, og budde der resten av livet. 1808-45 var han med i forlikskommisjonen. Apeness var haugianar og ein leiarskikkelse i heimbygda si.[1]

I 1814 var Apeness utsending frå Jarlsberg grevskap til riksforsamlingaEidsvoll. Han røysta med unionspartiet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]