Ole Skattebøl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Skattebøl

Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. mars 1844
Ål
Død

8. juni 1929 (85 år)
Oslo

Yrke politikar, dommar
Språk norsk
Politisk parti Høgre

Ole Larsson Skattebøl (2. mars 18448. juni 1929) var ein norsk jurist og politikar, medlem av Høgre.

Skattebøl var son til gardbrukaren Lars Olsson Skattebøl i Ål i Hallingdal. Sjølv gjekk han seminaret i Asker, tok eksamen i 1863. Deretter var han i halvtanna år huslærar i Elverum, 1865-70 lærar ved latinskulen i Drammen. Han vart student i 1869 og cand. jur. i 1872. 1872-73 var han fullmektig hos sorenskrivaren i Solør og 1874-76 i tilsvarande stilling i Nes i Hallingdal. Frå 1877 til 1890 var han sakførar i Nes. Sidan var han sorenskrivar i Hallingdal frå 1890 og frå 1899 skifteforvaltar i Kristiania.

1904-18 var Skattebøl dommar i Høgsterett. Han er kjend for å ha uttala at Høgsterett aldri har late seg tvinge av ei lov til å felle ein dom som den fann urettvis.[1]

Skattebøl var medlem av heradsstyret i Nes, ordførar 1880-83 og 1888-90, sparebankdirektør i Nes Sparebank. Formann i jarnbanekomiteen i Buskerud.

Skattebøl var stortingsmann for Buskerud i periodane 1877-82, 1889-91 og 1895-97. 1877-82 var han sekretær i Odelstinget. Han var medlem av justiskomiteen 1877-82 og 1889, formann 1890-91 i same. 1889 var han sekretær i Stortinget, 1890-91 medlem av valkomiteen. Siste stortingsperioden var han medlem av næringskomite nr 2. 1884 vart Skattebøl vald til formann i 'Buskeruds amts grunnlovsforening', eit lag som støtta høgrelina i politikken. Han var mellom dei leiande på den konservative sida i norsk politikk i åra før unionsoppløysinga i 1905. Partiformann i Høgre frå 1902 til 1905.

1891-1907 var Skattebøl medlem av sivilprosesskommisjonen.

Skattebøl var far til kvinnesaksforkjemparen Margarete Bonnevie.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gjengitt av Fredrik Stang i Tidsskrift for Rettsvitenskap 1942, s. 19.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]