Ole Teige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Teige
Fødd23. september 1858
Nord-Fron kommune
Død18. oktober 1931 (73 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, bonde
Alle verv

Ole Iversson Teige (23. september 185818. oktober 1931) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Nord-Fron.

Teige var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han ein vinter på Jørgen Olafsen sin folkehøgskule i Veøy, og ein annan vinter på privat amtsskule på Hamar. Han hadde også ein vinter på Jønsberg landbruksskule. Frå 1878 var han gardbrukar på Hov, ein gard som hadde høyrd slekta til i over 250 år. Han var ordførar i Nord-Fron 1894-98 og 1902-07.

Teige representerte Kristians amtStortinget frå 1889 til -94, der han var medlem av landbrukskomiteen. 1893-sesjonen var han grunna sjukdom permittert frå 14. juli. I 1895 var han medlem av den parlamentariske landbrukskommisjonen og i 1906 av den departementale jordkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914