Ole Toresson Rød

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Toresson Rød
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. februar 1762
Død

24. mai 1840 (78 år)

Yrke bonde, politikar
Språk norsk

Ole Toresson Rød (11. februar 176224. mai 1840) var ein norsk gardbrukar, lensmann, postopnar og stortingsmann frå Søndeled i Aust-Agder. Han var far til Halvor Olsson Stamsøy.

Rød tok over farsgarden i Søndeled i 1789, og dreiv han til han skøytte garden vidare til sonen. Han var lensmann i Søndeled og Gjerstad frå 1803 til -13, og postopnar frå 1805 til 1835.

I 1814 var han valmann og aktuell til riksforsamlingaEidsvoll. Han var 3. representant frå Nedenes og Robygdelagets amt på Stortinget i 1818. Der var han medlem av åtte komitear, mellom dei var komiteen om bank- og pengestellet, og komitear om skogane i Drammen sitt omland, og om Røros koparverk. Frå 31. mars var han medlem av Lagtinget.

Rød døydde på slektsgarden i Søndeled i 1840.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]