Ole Vig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ole Vig

Ole Vig (6. februar 182419. desember 1857), fødd i Vikmarka i Stjørdal, var ein norsk skule- og folkeopplysingsmann som arbeidde for utdanning for alle. I Rune Slagstad si bok De nasjonale strateger vert han skildra som «En folkeopplysningsmann og nasjonsbygger som har hatt stor betydning for utviklingen av vårt demokrati».

Vig voks opp i ein fattig småbrukarheim med haugiansk preg. Han lærte tidleg å lese og kom med presten F.A. Widerøe si hjelp til seminaret i Klæbu i 1841. Sidan hadde han lærarstillingar i Åfjord og Kristiansund. Gjennom presten Frederik Wexelsen kom han i kontakt med Grundtvig-rørsla i Trøndelag. Sommaren 1851 fekk han moglegheit til å kome til Sorø akademi i Danmark, der han òg møtte denne danske presten og skulemannen.

Som sekretær for Selskabet til Folkeoplysnings Fremme og redaktør i Den norske Folkeskole tok han opp arven etter Henrik Wergeland. Han kom som medlem av styret for det som seinare vart Det norske Theater i kontakt med Bjørnson og Ibsen. Han var med i Teaterslaget i 1856, og han samarbeidde med Knud Knudsen om arbeidet for å få eit norsk språk. Han var òg oppteken av å få folkeboksamlingar på bygdene og for å få folkehøgskuleetablering også i Noreg. Han var redaktør i Folkevennen frå 1851 til 1857.

Ole Vig døydde av tuberkulose julekvelden 1857 i Henrik Wergeland sin bustad Hjerterum, berre 33 år gamal. Mange av visjonane hans vart realisert etter døden hans. Då den fyrste folkehøgskulen i Noreg, Sagatun FolkehøyskoleHamar vart innvia i 1864, minna grunnleggarane Olaus Arvesen og Herman Anker om innsatsen og inspirasjonen hans.

Diktar[endre | endre wikiteksten]

Etter Ole Vig lever diktet «Blant alle lande», som han skreiv som ein fedrelandssong. Men han gav òg ut fleire bøker og skreiv ei rekkje dikt.

Arven etter Ole Vig[endre | endre wikiteksten]

Ole Vig videregående skole i Stjørdal er oppkalla etter han.

Ole Vig-prisen har blitt delt ut årleg sidan 1979 til minne om han. Den inneheld ein diplom, eit bilete av Ole Vig og ein sjekk på 10 000 kroner.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]