Ole Welde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Welde

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. januar 1820
Beitstad
Død

22. februar 1883 (63 år)
Beitstad

Yrke bonde, lærar, lensmann, politikar
Språk norsk
Ole Welde på Commons

Ole Sivert Mortensson Welde (11. januar 182022. februar 1883) var ein norsk lærar, gardbrukar, lensmann og politikar frå Beitstad i Nord-Trøndelag.

Welde hadde inga formell utdanning etter åra på fastskulen, men var likevel lærar nokre år i ungdomen. Han overtok farsgarden Øvre Velle i 1844 og dreiv denne sidan.

Welde var ordførar i Beitstad 1856-59 og 1868-73, og lensmann 1872-80. Han gjekk av som lensmann i protest mot at styresmaktene, gjennom statsrådet og amtmannen, nekta han permisjon i samband med eit tillyst ekstramøte i militærkomiteen på Stortinget. Elles var han med i forlikskommisjonen frå 1848.

Welde representerte Nordre Trondhjems amt på Stortinget i åra 1859-82. På tinget var han ein frontkjempar for «bondesaker» som avgrensing av embetsmannsveldet, offentleg sparepolitikk og utvida lokalt sjølvstyre. Welde tala for utviding av røysteretten og innføring av gammalnorsk i lærarutdanninga. Maktpolitisk markerte han seg som brubyggjar mellom Søren Jaabæk og Johan Sverdrup. Han var medlem av kyrkjekomiteen 1859-60 og 1865-66, samt av kyrkjekomite nr 1 i 1862-63 og 1868-69. Vidare var han medlem av militærkomiteen 1864 og 1871-82, medlem av røysterettskomiteen 1868-69 og sekretær i denne 1875-79. Welde var elles medlem av jarnbanekomiteen 1871-73 og sekretær i 1874, samt sekretær i valkomiteen og fullmaktskomiteen 1871-73 og på ny 1877-82.

Welde vart permittert frå Stortinget 13. mai 1882, grunna sjukdom. Den 17. mai, dagen før han reiste heim, fekk han overrekt ei sølvkanne med ei innskrift forfatta av Bjørnstjerne Bjørnson. Vinteren etter døydde han på garden sin i Beitstad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]