Olenegorsk i Murmansk oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Olenegorsk
Оленегорск
Byvåpenet til Olenegorsk
Byvåpenet til Olenegorsk


Plassering
Olenegorsk i Murmansk oblast is located in Russland
Olenegorsk i Murmansk oblast is located in Murmansk oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Murmansk oblast
Grunnlagd
Bystatus
1947
1957
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

22 856
Koordinatar 68°9′0″N 33°17′0″EKoordinatar: 68°9′0″N 33°17′0″E
Høgd over havet 151 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 184530
Retningsnummer (tlf) +7 81552

Olenegorsk (russisk Оленего́рск, tyder 'Hjortefjellet') er ein by i Murmansk oblast i Russland med om lag 20 000 innbyggjarar. Han ligg 112 km sør for Murmansk.

Jernbane[endre | endre wikiteksten]

Jernbanestasjonen Olenja (russisk Оленья; ordet er ei adjektiv form av 'hjort') vart opna i 1916 då jernbane vart lagt til Murmansk. Bygningar knytt til stasjonen og den vesle busetnaden som låg her, låg aust for jernbanen. Staden vart noko viktigare i 1930-åra då han vart eit knutepunkt for jernbanelinja som gjekk til den byen Montsjegorsk.

Оленегорск с высоты.jpg

Gruve[endre | endre wikiteksten]

I 1949 starta arbeidet på ei jerngruve og ein fabrikk for å handsame malmen eit par kilometer vest for Olenja stasjon. Samstundes vart det grunnlagd ein busetnad for arbeidarane i gruva. 27. mars 1957 fekk han bystatus og namnet Olenegorsk.

Jernbanestasjonen vart framleis kalla Olenja i mange år før han til slutt fekk namnet Olenegorsk i 1980-åra.

Hovudnæringa i byen er framleis basert på gruvedrifta og det meste vert i dag frakta til Severstal i Tsjerepovets.

Olenja flybase ligg ved Vysoky, eit par kilometer aust for byen, på den andre sida av innsjøen Permusozero.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]