Oligotrofe vatn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Oligotrofe eller næringsfattige vatn er innsjøar med lite tilfang av mineral og næringssalt, med eit påfølgjande fattig plante- og algeliv. Ein finn dei som regel i område med harde bergartar som ikkje lett let seg løysa opp i vatn; t.d. i granittfelt. Mangelen på algar og plankton gjer at vatnet vert særs klårt og fattig på liv. Dei fleste norske fjellvatn er oligotrofe.

Sjølv om dei oligotrofiske vatna er fattige på mineral, er dei ofte rike på oksygen; særleg i botnsjikta. Her finn ein gjerne oksygen- og kaldtvasskrevjande fiskeartar som t.d. aure.

Det motsette av oligotrofe vatn er eutrofe vatn.

Somme oligotrofe vatn i Noreg[endre | endre wikiteksten]