Olivier Messiaen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Olivier Messiaen

Olivier Messiaen (10. desember 190827. april 1992) var ein fransk komponist, organist og ornitolog. Musikken han komponerte er rytmisk kompleks, og er harmonisk og melodisk sett basert på modes of limited transposition, eit system han abstraherte frå tidlege improvisasjonar og komposisjonar etter kriterium for symmetri og repetisjon av intervallgrupper. Mange av komposisjonane hans er inspirert av trua hans på den katolske kristendommen. Han hadde ei mild form for synestesi, og såg gjerne sine eigne skalaer og akkordar som ulike fargar. Dette brukte han til å skapa ulike og samansette klanguttrykk i komposisjonane. I ei tid eksperimenterte han òg med total serialisme, og blir gjerne nemnd som ein føregangsmann innan feltet.

Messiaen begynte på Conservatoire de Paris allereie som 11-åring, og fekk her undervisning av kjende musikarar som Paul Dukas, Maurice Emmanuel, Charles-Marie Widor and Marcel Dupré. I 1931 fekk han stillinga som organist i Paris-kyrkja Église de la Sainte-Trinité, og han var tilsett der heile resten av livet. Messiaen blei fengsla i 1940, og komponerte i fengselet Quatuor pour la fin du temps, som i ettertid blir rekna som ein av dei viktigaste komposisjonane på 1900-talet. Etter at han blei sett fri frå fengselet i 1941 fekk han tittelen professor i harmonilære, og blei i 1966 professor i komposisjon. I 1975 vart han den andre komponisten som vart tildelt Ernst von Siemens’ musikkpris.

Fuglar opptok Messiaen sterkt, og han rekna fuglane som dei største musikarane av alle. Han reiste verda rundt og noterte ned fuglesong, noko han seinare implementerte i komposisjonane sine. Sjølv skal han ha rekna seg som like mykje ornitolog som komponist. Den innovative bruken av klangfarge, den nemnde bruken av fuglesong og det religiøse uttrykket er alle faktorar som plasserer Messiaens komposisjonar blant dei mest distinkte i den moderne kunstmusikken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]