Olivin
| Olivin | |
Olivin |
|
| Generelt | |
|---|---|
| Kategori | Enkeltsilikat |
| Kjemisk formel | (Mg,Fe)2SiO4 |
| Identifikasjon | |
| Farge | olivengrøn |
| Kløyv | dårleg |
| Mohs hardleiksskala | 6,5-7 |
| Strekfarge | kvit til grå |
| Transparens | Gjennomsiktig |
| Spesifikk vekt | 3,17 - 3,27 |
| Andre eigenskapar | finst som regel ikkje med kvarts |
| Kjelder | [1] |
Olivin ((Mg,Fe)2SiO4 er eit isomorft blandingsmineral mellom forsteritt (Mg2SiO4) og fayalitt (Fe2SiO4). Forsteritt er som oftast dominerande i olivin.
Namnet kjem av den olivengrøne krystallfargen til mineralet, men mineralet får ein gulbrun farge ved forvitring. Olivin er sprøtt og glassliknande.[2] Olivin er ein ultrabasisk (pH rundt 9), tung (masse om lag 3,3 kg/dm³) og hard bergart, men kan likevel forvitre lett ved kjemisk nedbryting. Jorda som blir danna av forvitra berg inneheld mykje krom, kobolt, jern, magnesium og nikkel, medan gjødningsstoff som fosfor, kalium og nitrogen manglar.[3] Olivin går over til serpentin. Forvitra (oksidert) olivin eller serpentin er synleg som raudbrune bergnabbar som er typisk for område med mykje olivin, til dømes i Norddal der namn som Raudnakken og Raudbergvika (Robbervika) vitnar om olivin i berggrunnen.[4] Kallskaret i Tafjord er ein verna geologisk forekomst, namnet kjem av "Kallen" ein høg stake av olivin.
I Noreg er det særleg mykje olivin på Nordvestlandet i eit belte frå Måløy og Åheim ved Stadlandet til Tafjord på indre Sunnmøre.[5] Åheim på ytre Sunnmøre har verdens største olivinproduksjon.[6] Det er også olivinutvinning ved Bryggja i Nordfjord og i Robbervika i Norddal. I Svarthammaren i Dalsbygda i Norddal vart det brote olivin fra omkring 1920 til 1979, produksjonen var på det meste 600 tonn i døgnet. I Robbervika (Raudbergvika), også i Norddal, har det frå 1984 vore henta ut olivin i eit stort dagbrot.[7] I 1991 vart det frå Robbervika skipa ut olivin til ein førstehandsverdi på omkring 30 million kroner.[8]
Olivin er eit av Norges viktigaste industrimineral, omkring 50 % av verdens produksjon av olivin skjer i Noreg. Mineralet er nyttig i industrien mellom anna på grunn av høgt smeltepunkt, termisk stabilitet og stor varmekapasitet. Olivin blir mellom anna brukt ved framstilling av råjern (olivin bind slaggstoff i jernmalmen), som støypesand og i ildfast stein.[9] Olivin blir også nytta til å binde giftige tungmetall til dømes i ureina fjordar og i søppelfyllingar på grunn av god evne til å ta opp og binde ulike tungmetall.[10] Totalt blir det produsert om lag 3,3 million tonn olivin i Noreg kvart år med ein eksportverdi på om lag 300 millionar kroner (tal for 2003).[11] Olivin og serpentin har også vore nytta som bryne og slipestein.[12] Frå Skrenakkhammaren ved Raudbergvika i Norddal vart det tidlegare laga brynestein av glimmerhaldig olivin.[13]
Kjelder [endre]
- ↑ http://webmineral.com/data/Olivine.shtml lese 9.12.2012
- ↑ Norges geologiske undersøkelse: Olivin. Nettressurs http://www.ngu.no/no/hm/Georessurser/industrimineraler/Olivin/ lest 9.12.2012
- ↑ Holtan, D. 2008: Olivinskogene i Norge – en oppsummering av status og verdi. Møre og Romsdal fylke, areal- og miljøvernavdelinga. Rapport 2008: 06.
- ↑ Kleiva, Ivar (1976): Grunn og gror. Norddal bygdebøker, III.
- ↑ Norges geologisk undersøkelser. Kart over mineralressurser. Lest på nett http://www.ngu.no/no/hm/Kart-og-data/Mineralressurser/ 9.12.2012.
- ↑ Geoportalen http://www.geoportalen.no/nasjonalbergart/olivinstein lest på nett 9.12.2012.
- ↑ Furseth, Astor (1987): Norddal i 150 år. Valldal: Norddal kommune.
- ↑ Grytten, Harald (1992): Georg Stokke - slik jeg husker det. Utgitt av Stokke industrier.
- ↑ Norges geologiske undersøkelse: Olivin. Nettressurs http://www.ngu.no/no/hm/Georessurser/industrimineraler/Olivin/ lest 9.12.2012
- ↑ Holtan, D. 2008: Olivinskogene i Norge – en oppsummering av status og verdi. Møre og Romsdal fylke, areal- og miljøvernavdelinga. Rapport 2008: 06.
- ↑ Neeb, P.R. 2004: Mineralindustrien i Norge, Bergindustrien 2003. NGU rapport 2004.031.
- ↑ Kleiva, Ivar (1976): Grunn og gror. Norddal bygdebøker, III.
- ↑ Helland, Amund (1911): Topografisk-statistisk beskrivelse Romsdals amt. Første del, s.142. Kristiania: Aschehoug.