Oljekrisa i 1973

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rasjoneringsmerke for bensin, utferda i USA i etterkant av oljekrisa i 1973

Oljekrisa var det populære namnet på den energikrisa som ramma den vestlege verda då oljeproduserande land organisert i OPEC i 1973 iverksette oljeboikott. Boikotten kom som straffereaksjon mot statar som støtta Israel, særleg i samband med Yom Kippur-krigen. Oljeprisen auka 70 prosent i oktober, deretter kom ei ny auke på 130 prosent i desember. I desember 1973 vart det òg iverksett ein mellombels blokade av all utskiping av olje til hamner i USA og Nederland.

Oljekrisa i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Oljekrisa førte til at det vart innført køyreforbod med privatbil nokre helgar i november/desember 1973. Vinteren 1974 vart det førebudd bensinrasjonering, men rasjoneringa vart aldri sett i verk.


Då oljekrisa herja i Europa, fekk norsk økonomi eit kraftig oppsving. Smelteverkindustrien hadde toppinntekter, og tankratane for til vers med oljeprisane. Skipsreiarane kontraherte nye skip i stort omfang, og verkstadindustrien hadde gylne tider. Først i åra 1975-77, då den internasjonale krisa vart djupare, slo ho inn i norsk økonomi. Då sokk fraktratane og skip gjekk i opplag. Regjeringa møtte nedgangstidene med aktiv motkonjunkturpolitikk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]