Oljesand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oljesandstein frå California

Oljesand, bituminøs sand eller tjøresand er sand eller sandstein som inneheld hydrokarbon i form av seig råolje, tjøre eller bitumen. Oljesandførekomstane er truleg danna ved delvis fordamping og oksidasjon av vanlege petroleumsførekomstar.

Dei grunne oljesandførekomstane kan brytast i dagbrot der ein fjernar overflatelaget, og hydrokarbona utvinnast så ved oppvarming (oftast med damp) eller ved hjelp av løysemidlar. For størstedelen av førekomstane som ligg djupare under overflata, vil ein kunne injisere varm vassdamp og lette oljer ned i det produktive laget, slik at olje og flytande bitumen kan pumpast opp på staden.

Førekomstane er til dels særs store; dei best kjende er Athabasca Tek Sand i Alberta i Canada, der det er reservar som kan gje minst 1,7 · 1012 fat eller 270 · 109 kubikkmeter utvinnbar råolje, og førekomstane i Venezuela er minst like store. Utnyttinga av tjøresandførekomstane er knytte til store miljømessige problem. Tidlegare var det vanskeleg å konkurrere med vanleg oljeproduksjon på grunn av prisen. Men med dei aukande oljeprisane på slutten av 1900-talet og byrjinga av 2000-talet, vart det mogleg å setje i gang produksjon av olje frå dei store kanadiske førekomstane av tjøresand. I 2011 var produksjonen kome opp i 1,6 millionar fat per dag, noko som utgjorde litt over 50 prosent av den samla produksjonen til Canada av olje. Gjennom oppkjøpet av North American Oil Sands Corporation i 2007, fekk det norske selskapet Statoil tilgjenge til oljesandkonsesjonar på 1 100 kvadratkilometer i Canada.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]