Oljeskandalen i Peru 2008

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Oljeskandalen i Peru 2008, i peruansk presse kalla «Petrogate», i Noreg òg kalla korrupsjonsskandalen rundt Discover Petroleum International, er nemninga på ei hending i kjølvatnet av utdelingar av kontraktar for petroleumsverksemd i Peru. Det som løyste ut skandalen var ei rad kompromitterande samtalar tatt opp på lydband i løynd og seinare gjort kjent. Hendinga enda med regjeringskrise i Peru den 10. oktober. Berre 11 dagar etter hendinga blei 24 personar sikta for ei rekkje straffbare forhold, mellom dei sikta var styreleiaren i Discover Petroleum, representantar for det peruanske oljedirektoratet og for det peruanske statsoljeselskapet Petroperú. Den avgåtte statsministeren, Jorge del Castillo, vart kalla inn som vitne.

Bakgrunnen[endre | endre wikiteksten]

Den 11.september gjorde det peruanske oljedirektoratet kjent fleire nye konsesjonar for utforsking av petroleumsressursar, av dei ligg fire blokker til havs og ei, blokk 157, i regnskogen i Madre de Dios-regionen. Fem tildelingar gjekk til PeruPetro, men med det litle norske selskapet Discover Petroleum som deltakar. Den 5. og 7. oktober var det gjort kjent lydopptak som er tatt opp før kontrakttildelinga med samtalar som dreidde seg om økonomiske godtgjersler for tildelingar og at Discover Petroleum skulle vinne løyva til å vere med. Det er ikkje kjent kven som gjorde lydopptaka.

Blokk 157 er på 6846 kvadratkilometer [1] og ligg i sentrale og nordaustlege delar av Madre de Dios-regionen, i ein sektor mellom elvene Madre de Dios og Rio de Las Piedras vest for Puerto Maldonado.[2] Næraste infrastruktur er røyrleidningen som fører gass frå Camisea-feltet, blokk 88 i Amazonasbassenget, over Andes til stillehavskysten nær byen Pisco. Dette er 150 til 200 kilometer nordvest for blokk 157. Blokka grensar til Manu nasjonalpark i vest.

Konsekvensar[endre | endre wikiteksten]

President Alan García vart tvungen til å løyse opp regjeringa si, og utnemnde Yehude Simon som ny statsminister. Dette kom blant anna som følgje av gatedemonstrasjonar blant opposisjonelle.[3] Direktøren for det peruanske oljedirektoratet, Alberto Quimper Herrera, fekk sparken. Toppleiar César Gutierrez i Perupetro gjekk av. Discover Petroleum trekte seg frå alle engasjement i Peru, seinare hevda revisjonsfirmaet Ernst & Young at dotterselskapet til Discover Petroleum i Peru ikkje hadde vore med på korrupsjon. Kongressen i landet la bort siktinga mot styreleiar Jostein Kjerstad og Discover Petroleum International i januar 2009.[4] Same månad vart seks personar arresterte mistenkte for ulovlege opptak av telefonsamtalar.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]