Ollantaytambo

Koordinatar: 13°15′29″S 72°15′48″W / 13.25806°S 72.26333°W / -13.25806; -72.26333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ollantaytambo
by
Land  Peru
Del av Sacred Valley
Høgd 2 792 m
Tidssone PET (UTC-5)
Kart
Ollantaytambo
13°15′29″S 72°15′48″W / 13.258055555556°S 72.263333333333°W / -13.258055555556; -72.263333333333
Wikimedia Commons: Ollantaytambo
Delar av "Araqhama med Manyaraki.
Foto: Håkan Svensson

Ollantaytambo er ein by i det sørlege Peru omkring 60 kilometer nordvest for byen Cuzco. Han ligg på 2792 moh. i provinsen Urubamba i Cuzco-regionen. Ved byen ligg det òg eit arkeologisk ruinområde frå inkatida. Det var inka Pachacútec som sigra over og la under seg regionen, han gjorde Ollantaytambo til krongods og bygde byen til eit seremonielt senter. Etter den spanske erobringa av inkariket fungerte staden i ein kort periode som ein tilfluktsstad for tidlegare marionettinka Manco Cápac II, som frå 1535 leidde den innfødde motstanden mot europearane. I dag gjer ruinane frå inkatida Ollantaytambo til ein viktig turistattraksjon, byen er òg ein vanleg startstad for fottur på det som er kjent som inkastien.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rundt midten av 1400-talet innlemma inka Pachacútec Ollantaytambo i sitt maktområde og gjorde byen og dei nærliggande områda til sin personlege eigedom. Inkaen bygde opp byen med praktfulle konstruksjonar og gjennomførte omfattande terrassering med irrigasjonssystem i Urubambadalen. Byen vart residens for inkanobilitetane og terrassane blei bygd av yanaconas, inkaen sine arbeidarar. Etter at Pachacuti døydde vart eigedomen administrert av familieklanen hans, panaqa.

Under den spanske erobringa av Peru fungerte Ollantaytambo som ein førebels tilfluktsstad og residens for Manco Cápac II då han leidde motstanden mot conquistadorane. Han forsvara byen og områda i retning hovudstaden Cuzco, som spanjolane hadde kontroll over. I 1536, vann Manco slaget om Ollantaytambo då han blokkerte vegen for ein spansk ekspedisjon. Men trass sigeren vurderte Manco stillinga si som så utsett at han kommande året flykta ned til Vilcabamba, ein busetnad i eit tett skogsområde.

I 1540 fekk Hernando Pizarro eit encomienda med den innfødde folkesetnaden i Ollantaytambo.

På 1800-talet trekte Ollantaytambo seg merksemd frå fleire utanlandske oppdagingsreisande, blant dei har Clements Markham, Ephraim Squier, Charles Wiener og Ernst Middendorf publisert utgreiingar om kva dei fann.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Byen Ollantaytambo ligg ved elva Patakancha, litt ovanfor der ho sluttar seg til elva Urubamba. Aust for Patakancha ligg hovudbustadområdet. Vest for Patakancha ligg komplekset kalla "Araqhama. Det seremonielle senteret ligg utanfor "Araqhama på ei høgd som heiter Cerro Bandolista. Det er fleire inka- konstruksjonar i området, her følgjer ei skildring av dei vektigaste.

Byen[endre | endre wikiteksten]

Bustadområdet i Ollantaytambo har eit åttekanta omriss med fire langsgåande gater kryssa med sju parallelle gater. I midten av rutenettet låg ein stor offentleg plass, plaza. Hallar og andre bygningar omslutta plassen på tre sider, opninga var i sidekanten mot aust. Bygningane nord for torget var av utilverka stein medan dei mot vest og mot sør var av tilhogde, tilpassa steinar. Alle bygningane i den sørlege delen av byen blei bygd med felles utforming, kvar var sett saman av to kancha, mura kompleks av fire eittroms bustader rundt ein sentral gardsplass. Bygningane i den nordlege halvdelen er meir varierte i design, men dei fleste er i så dårleg stand at den opphavlege utforminga er vanskeleg å rekonstruere.

Ollantaytambo er datert frå seint på 1400-talet og han har nokon av dei eldste bustadhus i Sør-Amerika. Byen med bygningar har i varierande omfang vorte modifisert. Til dømes var den sørlege delen av byen ein inka-promenade med den opphavlege inngangen til byen. No er han gjenreist som ein Plaza de Armas og omkrinsa av bygningar i kolonistil. Det som var plaza i sentrum av byen har også komme bort, ettersom fleire bygningar blei bygd over han i kolonitida.

"Araqhama er forlenginga av bustadområdet over på vestsida av Patakancha. Her er ein stor plaza kalla Manyaraki, omkrinsa av konstruksjonar av adobe og oppkutta steinar. Desse bygningane ligg over eit mykje større område enn motstykka på austsida av elva, dei har òg svært høge veggar og store dører. Mot sør det er andre og mindre strukturar av utilverka stein. "Araqhama har vore i bruk utan avbrot etter inkatida, mellom anna ligg ei romersk-katolske kyrkje aust for torget. Nord for Manyaraki finst det fleire heilagdomar med utskorne steinar, steinskulpturar og diverse arbeid med vassrenner som inkluderer Templo de Agua og Baño de la Ñusta.

Cerro Bandolista, høgda med templet[endre | endre wikiteksten]

I vest grensar 'Araqhama mot Cerro Bandolista, ei bratt fjellside med ein ås på toppen kor inkaene bygde eit seremonielt senter. Den delen av bakken som vender mot byen er utvikla med terrassar, bakken med terrassane har namnet Pumatallis. Dei er ramma inn av bergvegger på begge sider. På grunn av det imponerande visuelle uttrykket av desse terrassane, er tempelåsen kjent som ei festning, men dette er eit mistak ettersom dei vektigaste funksjonane på denne staden var religiøse. Tilgangen til seremonielt sentrum er ei rekkje av trapper som klatrar til toppen av terrassekomplekset. Enden av trappa ligg mellom dei tre hovudområda: midtsektoren mot aust, tempelsektoren mot sør, og gravstadsektoren mot nord.

Tempelsektoren er bygd opp av fint tilhogne steinar, i kontrast til dei to andre sektorane av Cerro Bandolista som er gjort av utilverka stein. Tempelsektoren er tilgjengeleg via ei trapp som endar på ein terrasse med ei halvferdig inngangsdør og tillukkinga 'dei ti nisjane', ein eittroms bygning. Bak denne er det ein open plass, ei plattforma med 'dei utskårne stolane og to uferdige monumentale veggar. Den vektigaste strukturen i hele sektoren er soltemplet, ein uferdig bygning som inneheld muren med dei seks monolittane.

Dei to andre sektorane har rektangulære bygningar, somme i to etasjar, og det er også fleire fontener i midtsektoren.

Dei uferdige strukturane i Cerro Bandolista og dei mange spreidde steinblokkene i området viser at det framleis gjekk føre seg byggearbeid på det tidspunktet staden vart gjeven opp. Nokre av blokkene viser prov for å ha blitt fjerna frå ferdige veggar, det syner at ei stor ombygging også var i gang. Det er ukjent kva hending som stogga byggingsarbeid ved Cerro Bandolista, moglege kandidatar inkluderer krigsstoda mellom Huáscar og Atahualpa, den spanske erobringa av inkariket og tilbaketrekkinga frå Ollantaytambo til Vilcabamba som inka Manco gjorde.

Terrassar i området[endre | endre wikiteksten]

Ved Urubamba og Patakancha-elvene finst av eit omfattande sett av terrassar for agrikultur som startar på botnen av dalar og klatrar opp i åsane rundt. Terrassane utnyttar terreng som elles ikkje kan brukast, dei tillèt òg å dra nytte av dei ulike økologiske sonene som oppstår ved varierande høgd. Terrassane ved Ollantaytambo blei bygd i ein høgare standard enn vanlege jorddyringsterrassar i inkatida. Til dømes har dei har høgare veggar av tilhogd stein i staden for av grov utilverka stein. Denne typen høgprestisje terrassering er også funnen i andre busetnader for inkaene slik som ved Chinchero, Pisaq, og Yucay.

Eit sett av nedsenka terrassar startar sør for Plaza de Armas, og strekkjer seg ned til Urubamba-elva. Dei er ca. 700 meter lange, 60 meter breie og ligg opptil 15 meter under nivået for andre kringliggande terrassar, på grunn av forma kallast dei Callejón, det spanske ordet for smug. Plantar inne i Callejón er skydd mot vind av sideveggane som også absorberer solstråling i løpet av dagen og avgjer varme i løpet av natta, og dette skaper ei mikroklimasone med 2 til 3 °C varmare klima enn bakken over den. Desse forholda gjorde folket i inkaperioden i stand til å dyrke arter av plantar som elles veks og gjev avling i lågare høgd.

Ved den sørlege enden av Callejón, med utsikt over Urubamba-elva, er det eit område med bygningar frå inkatida som kallast Q'ellu Raqay. Dei samanknytte bygningane og gardsplassen dei dannar er etter ein uvanleg utforming heilt ulik enkeltromstrukturen som var vanleg i inkaarkitektur. Ettersom området er isolert frå resten av Ollantaytambo og omgjeve av avanserte terrassar, har det vore gjort framlegg om at staden var eit slott bygd for inka Pachacútec.

Lagerhusa[endre | endre wikiteksten]

Inkaene bygde fleire lagerhus (quechua: qollqa) bygd av stein i åsane rundt Ollantaytambo. Dei ligg høgt slik at vind og låge temperaturar kunne bevare innhaldet betre. For å forsterke denne effekten, har qollqas ved Ollantaytambo ventilasjonssystem. Ein trur desse husa vart nytta til å lagre produksjonen av landbruksvarer frå terrassane i området.

Steinbrott[endre | endre wikiteksten]

Dei vektigaste steinbrota for Ollantaytambo ligg i Kachiqhata, eit juv over Urubamba-elva ca. 5 kilometer frå byen. Staden tilbyr tre hovudområde for steinbrottsdrift: Mullup'urku, Kantirayoq, og Sirkusirkuyoq, alle gav blokker av ryolitt til bygging av Cerro Bandolista. Eit samansett nettverk av samankopla vegar, rampar og renner letta transporten til byggjeområdet. Ved steinbrottet ligg fleire chullpas, små steintårn som fungerte som gravplassar i førkolumbisk tid.

Forsvarsverk[endre | endre wikiteksten]

Ettersom Ollantaytambo er omkrinsa av fjell, følgjer hovudruta til byen gjennom Urubamba-dalen, kor inkaene bygde vegar for å knyte opp tettstaden Machu Picchu i vest og Pisaq i aust. Under den spanske erobringa av Peru, klarte inkaene i byrjinga å motstå spansk åtak frå aust, Cuzco. Første forsvarslinje var ein bratt bank av terrassar på Pachar, nær staden der elva Anta renn inn i Urubamba. Bak dette vart elva kanalisert slik at ho utgjorde to nye forsvarslinjer på tvers av Urubamba-dalen, stødd av festningar på begge sider av dalen. Bak dette igjen, ved det flate Mascabamba, var det bygd elleve høge terrassar som stengde dalen mellom fjellet og det djupe juvet som er danna av Urubamba. Den einaste måten å forsere punktet var gjennom porten T'iyupunku, ein tjukk defensiv vegg med to smale opningar. På vestsida av Ollantaytambo ligg ei lita festning i Choquequillca som forsvarte vegen til Machu Picchu. I fall alle desse forsvarsverka gjekk tapt, var tempelåsen ved byen med sine høge terrassar ei siste forsvarslinje mot inntrengjarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ollantaytambo

13°15′29″S 72°15′48″W / 13.25806°S 72.26333°W / -13.25806; -72.26333