Ollie E. Brown

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ollie E. Brown
Fødd1952 (alder 71–72)
FødestadDetroit i Michigan i USA
AliasOllie Brown
OpphavUSA
Aktiv1971 til i dag
Instrumentperkusjon, trommer
Tilknytte artistarOllie & Jerry, The Rolling Stones, Stevie Wonder
Verka somTrommeslagar, perkusjonist, plateprodusent, studiomusikar,

Ollie E. Brown (stundom berre kalla Ollie Brown;[1] f. 1952) er ein USA-amerikansk trommeslagar, perkusjonist og plateprodusent. Han spelte mykje som studiomusikar og spelte på over hundre album frå 1970- til 1990-åra.[2] Brown var òg eine halvparten i den amerikanske dance-pop-duoen Ollie & Jerry, som hadde ein hit med «Breakin'... There's No Stopping Us» i 1984.[3]

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Av arbeid han gjorde finn ein I Can Stand a Little Rain av Joe Cocker, 1990 og A Song for You av The Temptations, It's My Pleasure av Billy Preston og Black and Blue av The Rolling Stones, i tillegg til album av Diana Ross, Van Morrison, Leo Sayer og Sly and the Family Stone.[2]

I lag med Preston og pianisten Ian Stewart spelte Brown òg i turnébandet til The Rolling Stones i midten av 1970-åra.[1] Han var òg eit tidleg medlem av Stevie Wonder sitt Wonderlove.

Raydio og Ollie & Jerry[endre | endre wikiteksten]

Seint i 1970-åra spelte Brown på debutalbumet Raydio.[2] Dette førte til eit samarbeid med Raydio-bassisten Jerry Knight, som òg var ein ivrig studiomusikar.[4] I lag danna dei to duoen Ollie & Jerry, og spelte inn songen «Breakin'... There's No Stopping Us» for breakdancing-filmen Breakin' i 1984. Songen vart ein suksess og nådde 9. plassen på Billboard Hot 100 i 1984.[3] Ollie & Jerry spelte òg inn musikk for oppfølgjaren Breakin' 2: Electric Boogaloo.

Brown skreiv og framførte songen «They're So Incredible» for filmmusikken til Nerdenes hevn. «They're So Incredible» vert framført av nerdane i filmen med ein annan tekst.

Seinare arbeid[endre | endre wikiteksten]

Under og etter tida med Ollie & Jerry, var Brown framleis særs aktiv som studiomusikar, og produserte eller spelte på dusinvis av album mellom 1980 og 2000. Av desse finn ein mellom anna Bad av Michael Jackson og Ray Parker jr.-singelen «Ghostbusters», som Brown produserte. I 1980-åra deltok han òg på album av Blondie, The Jacksons, La Toya Jackson ('If You Feel the Funk'), DeBarge og Quincy Jones.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Jasper, Tony (1984). The Rolling Stones. Treasure Press. ISBN 1-85051-011-3. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Ollie E. Brown: Credits». allmusic. Henta 29. januar 2015. 
  3. 3,0 3,1 Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits (8th Edition). Billboard Books. s. 468. ISBN 0-8230-7499-4. 
  4. «Ollie & Jerry: Overview». allmusic. Henta 29. januar 2015.