Olofström

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 56°16′N 14°32′E Olofström er ein tettstad og administrasjonssenteret i Olofströms kommun nordvest i Blekinge län i Sverige. Han ligg om lag 25 km nordvest for Karlshamn og hadde i 2006 7 380 innbyggjarar.

Olofström har vokse opp kring eit jernverk som vart grunnlagt i 1735 og er grunnen til det største føretaket i Blekinge i dag. Olofström er kjend for den høgteknologiske industrien sin, med Volvo i spissen. Kommunen utvikla seg frå å vere ein liten tettstad til eit moderne industrisamfunn. Industrien, som har ei lang historie på staden, har gjeve ei svært interessant kulturarv innanfor industri og teknikk. Industrien på staden er dominert av føretaket Volvo Personvagnar. Dei kjøpte Svenska Stålpressningsaktiebolaget av Alfa Laval på slutten av 1960-talet. Den nest største arbeidsgjevaren i Olofström er sjølve kommunen. Andre større arbeidsgjevarar er mellom andre Finnveden Metal Structures, European Body Panels, Coor Service Management, Stans & Press og Blekinge läns landsting.[1]

Ungdomsskulen i Olofström, Högavång, har sidan 1991 drive Holje musikklasser, ein av to profilklassar på skulen. Musikklassane er grunnskuleklassar med særskilt fokus på musikk og artistverksemd.

Holje marknad er ein festival og marknad som vert halden Olofström sentrum i slutten av mai kvart år. Marknaden inneheld fleire hundre buer, karusellar og artistopptredenar. På Holje marknad pleier det også å vere konkurransar. Kvart år besøkjer over 1 000 personar marknaden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]