Olona
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Olona | ||
| Utspring | Viktigaste kjelde ved Fornaci della Riana (Rasa di Varese). | |
| - Høgd | 548 moh | |
| Munning | Po | |
| Land i nedslagsfelt | Italia | |
| Lengd | 131 km | |
| Middelvassføring | 14 m²/s | |
| Nedslagsfelt | 1 038 km² | |
| Sideelvar | 39 stk. | |
Olona er ei 131 km lang elv i Lombardia i Italia som renn gjennom provinsane Varese, Milano og Pavia.
Olona har sitt utspring frå seks kjelder. Tre kjelder renn ned Rasadalen og dei tre andre i Valganna dalen. Olona renn gjennom Olonadalen til Legnano. Vidare renn ho gjennom Milano og sørover før ho munnar ut i Po i San Zenone al Po.
Olona har 39 sideelvar og dei viktigaste av desse er Vellone, Bevera Varesino, Lanza (eller Gaggiolo), Rile-Tenore, Bozzente, Lura, Merlata og Mussa.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Olona frå Engelsk Wikipedia .