Oluf Berner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oluf Berner
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. juni 1809
Larvik
Død

13. september 1855 (46 år)

Yrke jurist, politikar
Språk norsk

Oluf Steen Julius Berner (29. juni 180913. september 1855) var ein norsk jurist og embetsmann frå Larvik. Han var far til Carl Berner.

Far til Berner var kjøpmann og skipsreiar. Sjølv vart han student i 1828 og cand. jur. i 1832. Dei neste åra arbeidde han i embetsverket, frå 1839 var han overrettsprokurator i Akershus stift. Tida 1844-49 var han byfut og postmeister i Molde. Sidan var han assessor (dommar) ved stiftsoverretten i Kristiansand.

Berner var 1. representant for Kristiansand på Stortinget 1854, medlem av justiskomite nr 1.

Han døydde i Kristiansand hausten 1855, kort tid etter han hadde berga seg i land frå dampskipet «Norge» då dette kolliderte med eit anna dampskip, «Bergen».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914