Olympiastadion i Berlin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Olympiastadion i Berlin etter ombygging
Olympiastadion i 1936, nybygd for dei olympiske leikane

Olympiastadion er eit sportsstadion i Berlin, i bydelen Charlottenburg. Det har vore to idrettsanlegg på staden. Eit stadion vart bygd til dei olympiske sommarleikane i 1916 av Otto March. Det neste vart bygd av sonen Werner March til sommarleikane i 1936.

Før dei olympiske leikane i 1936 vart dagens Olympiastadion med Olympischer Platz bygd. Under andre verdskrig vart byggverket lite skadd. Dei britiske styrkane i Berlin nytta område som hovudkvarter fram til 1994.

Sett vekk frå bruk til olympiske leikar, har stadionet ein sterk fotballtradisjon som heimebane for Hertha Berlin og stadion til den tyske cupfinalen. Tre kampar vart spela her under fotball VM i 1974. Stadionet har vorte totalrenovert fram mot 2006 i høve fotball-VM. Seks av kampane (irekna finalen) vart spela på Olympiastadion.

Olympiastadion er freda som kulturminne.

Helikoptarulukke[endre | endre wikiteksten]

21. mars 2013 hadde tysk politi ei øving på Olympiastadion. Tre politihelikoptra som skulle lande på bana under ei av øvinga virvla opp mykje snø og fekk dårleg sikt. Eit av helikoptrane landa då oppå eit anna. Éin person døydde og elleve andre vart sendt til sjukehus. Øvinga vart avslutta like etter ulukka fann stad.[1]

Kampar i VM 2006[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. To politihelikoptre krasjet på OL-stadion (norsk). Dagbladet (21. mars 2013). Vitja 21. mars 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Olympiastadion i Berlin