Om alle mine lemmer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lad Sandheds kilde flyde,
At ingen stopper den!
Lad folkene og nyde
En Sand Gudsfrugt igjen.
Lad lykkes Jesu Navn,
At Sulamith maa tage
Sin Salomon i favn!

Petter Dass til sine Sognefolk;
30. vers etter D.A. Seip

«Om alle mine lemmer» var ein av dei første av Petter Dass sine tekstar som vart gjendikta til eit moderne salmespråk. Gjendiktinga vart gjort av den danske folkeopplysingsmannen Morten Eskesen i 1881.

Petter Dass sin avskilssong[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Petter Dass har mange salmar i norske, svenske og danske salmebøker, er tekstane hans opphavleg ikkje skrivne som salmar. Det vil vere rettare å kalle dei læresongar eller kristelege viser. For at songane skulle høve til kyrkebruk, var det naudsynt å korte dei ned og å modernisere språket. Dessutan har ein ofte valt å modifisere den barokke biletbruken i originaltekstane.

«Om alle mine lemmer» er òg kjent under tittelen «Petter Dass til sine Sognefolk», men i det eldste kjente trykket, frå 1726, har ikkje visa nokon særskilt tittel. Visa vart trykt i lag med ei anna vise under fellestittelen

«Tvende / Nye Viiser / Om / Hr. Peder Dass / Den Første: / Min elskelig Tilhører, etc. / Den Anden / En Krop opfyldt med Gruus / og Steen, etc. / Siunges som: / Jesu søde Hukommelse, etc. / Hvorudi gudelig betragtes hans / meget kummerlige og møysommelige Liv og / Levnet fra hans Barndom op indtil / hans nu langvarige Alderdoms strenge Sygdom. / Trykt Aar 1726.»

Lat livsens kjelda renna
Forutan stogg og stans!
Lat Kristi kjærleik brenna
Og fylla all vår sans!
Hjelp oss i Jesu namn,
so me vår veg må finna
Inn i din faderfamn!

Sjette verset i Anders Hovden si omsetjing

Originalteksten har 36 vers og kan vere skriven rundt 1704. Visa er skriven som diktarens testamente, og handlar om Petter Dass sin oppvekst og yrkesliv. Han slår fast at livet går mot slutten, og han avsluttar visa med ei bøn for kyrkjelyden, for Helgeland og for «Min Sjel».

I salmebøkene[endre | endre wikiteksten]

«Um alle lemer mine» er trykt med seks vers i Nynorsk salmebok nr 564, i Anders Hovden si omsetjing, under bolken «Sjukdom og daude og jordferd». Omsetjinga har tatt utgangspunkt i dei same versa som står på nr 727 i Landstads reviderte salmebok. I Norsk salmebok står salmen med fem vers. Denne versjonen har tre av versa til felles med salmen slik han står i Nynorsk salmebok og Landstads reviderte. Her står salmen under bolken «Kyrkja og samfunnet av dei heilage». I Lov Herren Katolsk salmebok står salmen med sju vers i Lars Roar Langslets gjendikting. Salmen er òg omsett til svensk.

Melodien[endre | endre wikiteksten]

I Nynorsk salmebok, som i Landstads reviderte, står salmen oppført med ein melodi frå 1599, same tonen som Det hev ei rosa sprunge. Denne tonen byggjer på ein tysk 1400-talsmelodi. I dag vert salmen oftast sungen til ein melodi skriven av Sigvald Tveit i 1982, og denne melodien er oppført i nyare salmebøker.


Kjelder:[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Låt livets källa flyta
med himmelsk nåd och makt
kring hela jordens yta,
till varje folk och trakt.
Låt lyckas Jesu namn,
så vi kan vägen finna
in i din fadersfamn.

Fjerde verset i Andreas Holmberg si omsetjing

Litteratur:[endre | endre wikiteksten]