Omleiringa av Almeida i 1762

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Omleiringa av Almeida
Del av sjuårskrigen
Dato august 1762
Stad Almeida i Portugal
Resultat Spansk siger
Partar
Flag Portugal (1707).svg Portugal Flag of Cross of Burgundy.svg Spania
Kommandantar
Flagget til Spania greven av Aranda

Omleiringa av Almeida fann stad i august 1762 då ein spansk styrke omleira og erobra byen Almeida frå portugisarane under sjuårskrigen. Byen vart teken den 25. august som ein del av den spanske invasjonen av Portugal under Conte De Aranda.[1]

Styrken som erobra Almeida var ein del av ein spansk storoffensiv for å ta Portugal. Ein knipetangmanøver i nord invaderte Portugal frå Galicia og kryssa Douro og truga Porto, medan ein sørleg styrke kryssa grensa frå Ciudad Rodrigo og gjekk mot den portugisiske festninga i Almeida. Ho vart erobra etter ei ni dagar lang omleiring[2], men ein ny spansk framrykking vart stoppa av 8000 britiske soldatar då dei skar av dei spanske forsyningslinjene i slaget ved Valencia de Alcántara.

Aranda sette opp ein garnison i Almeida, men festninga var berre i spanske hender fram til slutten av krigen. Ho vart då gjeven attende til portugisarane etter Paris-trakteten i byte for Cuba og Filippinane til Spania frå britane.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Siege of Almeida (1762)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juni 2010.
  • Brown, Peter Douglas. William Pitt, Earl of Chatham: The Great Commoner. George Allen & Unwin, 1978.
  • Dull, Jonathan R. The French Navy and the Seven Years War. University of Nebraska, 2005.
  • Jaques, Tony. Dictionary of Battles and Sieges. Greenwood Press, 2007.
  • Petrie, Sir Charles. King Charles III of Spain. Constable, 1971.
  1. Dull s.222
  2. Jaques s.37
  3. Petrie s.111