Omleiringa av Bouchain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Omleiringa av Bouchain
Del av den spanske arvefølgjekrigen
Dato 5. august - 12. september 1711
Stad Bouchain i Frankrike
Resultat Alliert siger
Partar
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Prinsenvlag.svg Dei sameinte Nederlanda
Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Habsburg-Austerrike
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike[1]
Kommandantar
Hertugen av Marlborough Claude Villars
Styrkar
85 000 90 000
Tap
4 080 6 000 drepne eller skadde
2 500 tekne til fange

Omleiringa av Bouchain (9. august - 12. september 1711), etter passasjen av Ne Plus Ultra-linjene (5. august 1711), var ei omleiring under den spanske arvefølgjekrigen og den siste store sigeren til John Churchill, 1. hertug av Marlborough. Marlborough braut gjennom den franske forsvarslinja utan å tape ein mann i kamp, og tok Bouchain etter ei 34 dagar lang kringsetjing. Etter å ha teke denne byen låg berre festninga Cambrai mellom den allierte armeen og Paris.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Armeen til Marlborough hadde teke den viktige festninga i Douai året før, og manøvrerte tidleg på sommaren 1711 seg kring i Nord-Frankrike utan resultat, blokkert av den franske forsvarslinja Ne Plus Ultra - ei massiv rekkje festningsverk frå Den engelske kanalen til Ardennane ved Namur. Den allierte armeen hadde alt vorte svekka då armeen til prins Eugene for å dekke den øvre Rhinen, der den avsette kurfyrsten av Bayern prøvde å utnytte at keisar Josef nyleg hadde døydd. Den 6. juli erobra Marlborough den vesle festninga Arleux, like nord for linja, vest for Bouchain, både for å nekte at franskmennene nytta han som utfallsport og for å sikre vasforsyninga til Douai, som hadde vorte kutta då kanalen som gav vatn til byen vart demd opp. Villars og den franske armeen kryssa linjene den 22.-23. juli, kom seg forbi Marlborough og tok Arleux attende med den allierte armeen for langt vest til å kunne nå fram i tide. Forsvarsverka vart jamna med jorda før franskmennene trekte seg attende over linja. Marlborough var først rasande, men tok snart attende initiativet då han marsjerte armeen sin for å angripe linja nær Arras. Her rekognoserte han personleg armeen til Villars den 4. august. Denne kvelden slo armeen leir og let leirbåla brenne for å lure franskmennene, og marsjerte austover til Arleux. Ved midnatt kryssa ein styrke frå Douai under Cadogan den uverna franske, og kl. 0800 var fortroppen til hovudarmeen òg over. Villars nådde fram til staden med nokre få hundre kavaleristar, og skjønte at han var utmanøvrert, og han prøvde å egge til slag føre Bourlonskogen. Marlborough ønskte ikkje å gå til åtak der, for stillinga til marskalken var enno sterkare der enn den han hadde hatt då han hadde gjeve armeen til Marlborough juling to år tidlegare ved Malplaquet. Han trekte seg derfor unna og prøvde å hindre at Marlborough kringsette Bouchain.

Omleiringa[endre | endre wikiteksten]

For å forsvare Bouchain hadde guvernør de Ravignau om lag 5 000 mann mot Marlborough sine 30 000, i tillegg til ei av dei sterkaste festningane i Frankrike, omgjeven av myrlendt landskap og samløpet til elvane Scheldt og Sensée. I tillegg hadde den sterke armeen til Villars teke stilling vest for den allierte leiren, og klart å opne ei tynn lenkje til den omleira garnisonen. Marlborough svarte med å nytte kanonbatteri mot Villars og klarte den 18. august og kutte kommunikasjonen mellom marskalken og Bouchain og opprette ein feltskanse-verna korridor for å omleiringsleiren til forsyningshamna i Marchiennes ved elva Scarpe. Villars gjorde mange raid mot både forsyningskonvoiane på Scarpe og mot Douai, men klarte ikkje å hindre omleiringa, og garnisonen marsjerte ut som krigsfangar den 13. september 1711.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Bouchain var det siste felttoget til Marlborough. På den siste dagen det året vart han ribba for stillinga som armékommandant og alle andre embete. Kommandoen over armeen for felttoget i 1712 vart gejven til hertugen av Ormonde og det vart innført strenge avgrensingar på kvar han kunne flytte seg. Særleg var han hindra frå å møte franskmennene til slag, sidan fredsforhandlingane mellom Frankrike og England var i gang, og høvet til å erobre Cambrai og marsjere mot Paris, som var målet til Marlborough, vart skrinlagd. Før året var omme trekte britane seg frå alliansen, og etterlet dei gjenverande allierte, under Eugene av Savoie til å bli slått i Denain.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Siege of Bouchain» frå Wikipedia på engelsk, den 27. mai 2011.
  • Chandler, D. G.: Marlborough as Military Commander, (Spellmount, Staplehurst, 2003)
  • Hussey, J.: Marlborough: Hero of Blenheim, (Weidenfeld & Nicolson, London, 2004)
  1. George Ripley, Charles Anderson Dana, The American Cyclopaedia, New York, 1874, p. 250, "...the standard of France was white, sprinkled with golden fleur de lis...". *[1] The original Banner of France was strewn with fleurs-de-lis. *[2]:on the reverse of this plate it says: "Le pavillon royal était véritablement le drapeau national au dix-huitième siecle...Vue du chateau d'arrière d'un vaisseau de guerre de haut rang portant le pavillon royal (blanc, avec les armes de Frankrike)."[3] from the 1911 Encyclopedia Britannica: "The oriflamme and the Chape de St Martin were succeeded at the end of the 16th century, when Henry III., the last of the Huset Valois, came to the throne, by the white standard powdered with fleurs-de-lis. This in turn gave place to the famous tricolour."