Omleiringa av Kolberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Omleiringa av Kolberg (1761)
Del av sjuårskrigen
Fall of Kolberg in 1761.jpg
Dato 1761
Stad Kolberg i Preussen
Resultat Russland okkuperer Kolberg
Partar
Flagget til Preussen Preussen Flagget til Russland Russland
Flag of Sweden.svg Sverige
Kommandantar
Friedrich Eugen of Württemberg
Dubislav Friedrich von Platen
Pjotr Aleksandrovitsj Rumjantsev-Zadunaiskij

Omleiringane av Kolberg var tre omleiringar som Russland la på Kolberg i provinsen Pommern i Preussen (no Kołobrzeg) i 1759 til 1761 under sjuårskrigen. Dei to første omleiringane, seint i 1769 og frå august til september 1760 var begge mislukka, men den siste omleiringa frå august til desember 1761 enda med at dei russiske styrkane klarte å ta byen.[1] Til dei to siste omleiringane fekk russarane støtte frå Sverige.[2]

Preussen mista då den siste store hamnebyen sin ved Austersjøen,[1] medan russarane klarte å opprette vinterkvarter i Pommern. Samstundes døydde derimot tsarina Elisabeth av Russland og etterkomaren hennar, nevøen Peter III av Russland som var venleg innstilt mot Preussen, gjorde med ein gong fred og returnerte Kolberg og andre russisk okkuperte område attende til Preussen.[3]

Den første omleiringa måtte avsluttast på grunn av dårleg vêr, medan den andre omleiringa vart avslutta då prøyssarane klarte å lure russarane til å tru at dei stod opp mot ein prøyssisk styrke på 20 000 mann, medan det i røynda var under 4000.[2]

Tottleben, som hadde kommandert dei russiske styrkane i Pommeren, gjorde høgforræderi og fortalte Fredrik II av Preussen om at russarane hadde planar om å omleire Kolberg på ny i 1761. Fredrik sendte derfor prins Friedrich Eugen av Württemberg frå den svenske fronten i Mecklenburg for å støtte byen.[4]

Russarane starta omleiringa den 22. august under Pjotr Aleksandrovitsj Rumjantsev-Zadunaiskij.[5] Han hadde i tillegg 23 russiske krigsskip og seinare seks svenske krigsskip til å bombardere byen frå sjøen. Då Rumjantsev gjekk på store tap under eit forsøk på å storme styrkane til Württemberg, valde han i staden å kutte forsyningslinjene til byen.[5]

Den 30. september fekk Kolberg forsterkinga frå fleire tusen prøyssarar kommandert av Dubislav Friedrich von Platen. Festninga hadde då nesten 20 000 prøyssarar til å forsvare seg. Rumjantsev, mista marinestøtta si den 9. oktober på grunn av dårleg vêr, men fekk fleire soldatar som kom fram same månaden. Då prøyssarane var i ferd med å gå tom for forsyningar fekk Platen ordre om å dra til Berlin seint i oktober. I november forlet Württemberg Kolberg og braut gjennom dei russiske linjene for å slå seg saman med Platen og prøve å drive Rumjantsev bort bakfrå. Dei klarte det ikkje og Platen reiste mot Berlin som han fekk ordre om. Württemberg gjorde fleire forsøk på å kome seg attende til festninga, men då han mislukkast i det siste forsøket den 12. desember, klarte russarane å erobre Kolberg..[6]

Den 16. desember kapitulerte Kolberg og Rumjantsev, kunne setje opp vinterkvarter i Pommern..[6] Med å dra ut omleiring ved Kolberg klarte Rumjantsev å halde styrken til Platen i sjakk, slik at Platen ikkje kunne reise til Schlesien og støtte Fredrik, som var hardt pressa. Då Platen omsider kom seg avgarde var det for seint for Fredrik, og han måtte trekke seg ut av Schleisen.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Like etter omleiringa var over døydde tsarina Elizabeth av Russland den 5. januar 1762. Elisabeth vart etterfølgd av nevøen sin, Peter III av Russland, som var ein beundrar av Fredrik og delvis oppvaksen i Berlin.[3]

Peter enda krigen med Preussen så snart han kom til makta med St. Petersburg-traktaten og gav alle dei russiske okkuperte områda attende til Preussen, medrekna Kolberg. .[3]

Utan sin russiske allierte var ikkje lenger Austerrike villig til å halde fram krigen på eiga hand, og signerte Hubertusburg-traktaten med Preussen.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Siege of Kolberg (Seven Years' War)» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mai 2010.
  • Buchholz, Werner, ed (2002) (på German). Pommern. Siedler. ISBN 3886807800. 
  • Burk, Kurt (1995). Handbuch zur Geschichte der Festungen des historischen deutschen Ostens. Biblio. ISBN 3764824549. 
  • Jaques, Tony, ed (2007). Dictionary of Battles and Sieges: A Guide to 8,500 Battles from Antiquity Through the Twenty-first Century, Volume II: F-O. Greenwood Publishing Group. ISBN 0313335389. 
  • Stone, David R. (2006). A military history of Russland: from Ivan the Terrible to the war in Chechnya. Greenwood Publishing Group. ISBN 0275985024. 
  • Szabo, Franz A. J. (2008). The Seven Years War in Europe, 1756-1763. Pearson Education. ISBN 0582292727. 
  • Vierhaus, Rudolf (1984) (på German). Deutschland im Zeitalter des Absolutismus (1648-1763) (2 ed.). Vandenhoeck & Ruprecht. ISBN 3525335040. 
  • West, Fred (2001). Crucible of War: The Sjuårskrigen og the Fate of Empire in British North America, 1754-1766. Faber og Faber. 
  1. 1,0 1,1 West (2001), p.492
  2. 2,0 2,1 Szabo (2008), s.290, 370
  3. 3,0 3,1 3,2 Stone (2006), s.75
  4. Szabo (2008), p.369
  5. 5,0 5,1 Szabo (2008), p.370
  6. 6,0 6,1 Szabo (2008), p.371
  7. Vierhaus (1984), p.184