Omleiringa av Malta i 1565

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Omleiringa av Malta
Del av Dei osmanske krigane i Europa og Dei osmansk-habsburgske krigane
Siege of malta 1.jpg
Omleiringa av Malta - Ankomsten til den osmanske flåten av Matteo Perez d' Aleccio
Dato 18. mai 156511. september 1565
Stad Malta
Resultat Avgjerande siger til Maltesarordenen
Partar
Det osmanske riket Flag of the Sovereign Military Order of Malta.svg Maltesarordenen
Flag of Cross of Burgundy.svgDet spanske riket
Kommandantar
Kızılahmedli Mustafa Pasha
Piyale Pasha
Turgut Reis
Salih Reis
Uluç Ali Reis
Jean de Valette
Styrkar
22 000 - 48 000 6 100 - 8 500
Tap
25 000 - 35 000
2 500, pluss 7 000 sivile og 500 slavar

Omleiringa av Malta (òg kalla den store omleiringa av Malta) fann stad i 1565Det osmanske riket invaderte øya, som då var styrt av Maltesarordenen.

Omleiringa var ei av dei blodigaste og hardaste i historia og vart til slutt vunne av riddarane. Omleiringa vart ei av dei mest kjende hendingane på 1500-talet. Voltaire overdreiv nok likevel då han sa «Ingenting er meir kjend enn omleiringa av Malta», men det snudde utan tvil oppfatninga til europearane om at osmanarane var uslåelege og markerte ein ny fase i den spanske dominansen i Middelhavet.[1]. Ein bør ikkje sjå på omleiringa isolert sett. Det var heller eit klimaks i ein stadig større konflikt mellom Spania og Det osmanske riket om kontroll over Middelhavet, ein strid som mellom anna førte til at den tyrkiske korsaren Turgut Reis gjekk til åtak på Malta i 1551 og slaget ved Djerba der den spanske armadaen vart slått av tyrkarane.

Omleiringa[endre | endre wikiteksten]

Omleiringa av Malta - Tyrkiske troppar inntar fortet St. Elmo, av Matteo Perez d' Aleccio
Omleiringa av Malta - Tyrkarane trekker seg tilbake, av Matteo Perez d' Aleccio

Den 20. mai 1565 gjekk Süleyman den store i land på Malta med ein styrke på 28 000 osmanske soldatar i tillegg til troppar frå Alger og Tripoli. Francisco Balbi di Correggio førte journal over omleiringa og skriv at den samla styrken til tyrkarane bestod av 48 000 mann. Maltesarordenen sin styrke bestod av knapt 8000 soldatar, der om lag 500 var riddarar. Dei øvrige troppane bestod hovudsakleg av ein milits frå den lokale folkesetnaden.

Malta sine festningar bestod av fire fort; Fort St. Elmo, Fort St. Angelo og Fort St. Michael samt den gamla hovudstaden Mdina.

Dei tyrkiske troppane gjekk i land ved Marsaxlokk den 18. mai og tok raskt kontroll over landsbygda. Dei maltesiske innbyggjarane søkte då tilflukt i riddarane sine festningar.

Tyrkarane innleidde omleiringa av forta og ville raskt sikra ei hamn for armadaen sin. For å nå dette målet innsåg Süleyman at den beste strategien ville vere å gå til åtak på det minste fortet først, Fort St. Elmo, sidan dette kontrollerte inngangen til dei maltesiske hamnene. Bombardementet mot Fort St. Elmo starta den 26. mai. Garnisonen der klarte med hjelp av forsterkingar frå dei andre forta å halde stand mot tyrkarane i under ein månad før dei til slutt måtte gje tapt for tyrkarane. Med tapet av Fort St. Elmos den 23. juni hadde tyrkarane alt mista opp mot 8000 mann. Heile den maltesiske garnisonen på Fort St. Elmo på om lag 1500 mann omkom.

Tyrkarane retta så neste offensiv mot Fort St. Michael og byen Birgu (som var den maltesiske hovudstaden på denne tida). Trass i kraftige åtak på begge forta i byen klarte ikkje tyrkarane å ta nokon av dei. Ved eitt tilfelle klarte dei likevel å kome seg inn i Fort St. Michael, men vart raskt drive ut igjen.

5. juli kom det forsterkingar til maltesarane frå Sicilia. Det var berre snakk om ein mindre styrke på 700 mann og han fekk derfor namnet Piccolo Soccorso. Den 7. september kom det derimot ein ny styrke på heile 10 000 mann frå Sicilia og fire dagar seinare, den 11. september fann tyrkarane det for godt å forlate øya.

Balbi rapporterte at osmanarane sine tap må minst ha vore på 25 000 mann, kanskje så mange som 35 000. Maltesarordenen mista derimot berre 2 500 mann, men opp mot 7 000 sivile mista livet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fernand Braudel, The Mediterranean and the Mediterranean World in the Age of Philip II, vol. II ( University of California Press: Berkeley, 1995).