Omleiringa av Namur i 1695

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Omleiringa av Namur (1695)
Del av niårskrigen
Die Belagerung von Namur 1695.jpg
Omleiringa av Namur (1695) av Jan van Huchtenburg. I framgrunnen kong Vilhelm III, kledd i grått, i samtale med kurfyrsten av Bayern.
Dato 2. juli – 1. september 1695
Stad Namur i Dei spanske Nederlanda
(I dagens Belgia)
50°28′N 04°52′E
Resultat Alliert siger
Partar
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Det tysk-romerske riket
Flag of England.svg England
Flag of Scotland.svg Skottland
Prinsenvlag.svg Dei sameinte Nederlanda
Kommandantar
Flagget til Frankrike Duc de Boufflers
Flagget til Frankrike Hertugen av Villeroi
Flagget til EnglandFlagget til Skottland King Vilhelm III av England og II av Skottland
Flagget til Den nederlandske republikken Menno van Coehoorn
Flagget til Bayern Maximilian II Emanuel
Styrkar
13 000[1] 34 000 infanteristar
24 000 kavaleristar[1]
Tap
8 000 12 000

Omleiringa av Namur, 2. juli – 1. september 1695, var den andre omleiringa av byen Namur i niårskrigen. Dei allierte styrkane i Storalliansen tok attende byen frå franskmennene, som hadde erobra byen etter den første omleiringa i 1692. Atterobringa av Namur har er rekna som den viktigaste hendinga i niårskrigen.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Franskmennene erobra Namur etter den første omleiringa i 1692, kommandert av Duc de Luxembourg, med kong Ludvig XIV av Frankrike til stades. Forsvarsverka til Namur var designa av Menno van Coehoorn, som leia forsvaret av citadellet under den første omleiringa. Den franske motparten hans, Vauban utbetra forsvarsverka i stor grad etter at byen vart teken. På grunn av den strategiske plasseringa ved samløpet mellom elvane Sambre og Meuse, var citadellet i Namur den strategisk mest viktige festninga i Dei spanske Nederlanda.

Omleiringa[endre | endre wikiteksten]

Då Frankrike var på defensiven kringsette den allierte armeen til Storalliansen, kommandert av kong Vilhelm III av England og Maximilian II Emanuel av Bayern, guvernør i Dei spanske Nederlanda, byen frå 2. juli 1695. 3. juli hadde dei bygd ein cirkumvallasjon kring byen.[3] Rollene var no snudd og Menno van Coehoorn retta omleiringsvåpna mot byen.[1][4]

Den 18. juli hadde dei allierte styrkane kome seg forbi dei ytre festningsverka som Vauban hadde bygd. Fem bataljonar av engelske og nederlandske soldatar gjekk til åtak på Brusselporten i Namur. Det generelle åtaket byrja den 3. august, og Duc de Boufflers, den franske kommandanten, tilbaud å overgje byen.[4] Dette vart godteke og dagen etter, som ein del av avtalen, vart det starta ein seks dagar lang våpenkvile for å få ut skadde og trekkje seg attende til citadellet. Våpenkvilen vart garantert for ved at ein byta høgare offiserar som gislar. Etter dei seks dagane var over, vart gislane sleppte fri og kringsetjinga av citadellet heldt fram.

Hertugen av Villeroi gjorde eit forsøk på å trekkje angriparane bort frå Namur ved bombardere den militært uviktige Brussel, med det einaste målet om å øydelegge byen. Bombardementet som varte frå 13. til 15. august gjorde ingenting for å få dei allierte til å gje opp kringsetjinga. Villeroi prøvde seinare å frigje Namur, men vart stoppa på slagmarka av armeen til fyrsten av Vaudemont.[3]

Etter enno ein månad med motstand, overgav Boufflers citadellet til fienden den 1. september. etter å ha tapt 8 000 av dei 13 000 mennene sine. Dei allierte hadde då tapt 12 000 mann. Vilhelm tok Boufflers til fange, sidan Boufflers hadde brote overgjevingsvilkåra og handsama dei allierte krigsfangane dårleg etter slaga ved Deinze og Diksmuide.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2
    • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av ein artikkel frå Fransk Wikipedia.
    «Vauban eit Coehoorn s'affrontent à Namur». Namurcitadelle.be. http://www.namurcitadelle.be/articles.php?lng=fr&pg=30. 
    
  2. Childs, John. Warfare in the Seventeenth Century. Cassell, (2003). ISBN 0-304-36373-1
  3. 3,0 3,1 Smyth, Sir James Carmichael, 1st Baronet (1825). Chronological Epitome of the Wars in the Nederlanda. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Manning, Roger Burrow (2006). An apprenticeship in arms: the origins of the British Army 1585–1702. Oxford University Press. s. 411. ISBN 9780199261499.