Omleiringa av Philippsburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Omleiringa av Philippsburg
Del av den polske arvefølgjekrigen
PhilippsburgSiege1734.jpeg
Fransk kart frå 1734 som syner stillingane under kringsetjinga
Dato seint i mai – 18. juli 1734
Stad Philippsburg, nær dagens Karlsruhe i Tyskland
Resultat Fransk siger
Partar
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Habsburgmonarkiet
Kommandantar
Flagget til Frankrike James FitzJames, 1. hertug av Berwick 
Flagget til Frankrike Claude François Bidal d'Asfeld
Flagget til Frankrike Adrien-Maurice, 3. hertug av Noailles
Flagget til Habsburgmonarkiet Gottfried Ernst von Wuttgenau (garnison)
Flagget til Habsburgmonarkiet Eugene av Savoie (støttearme)
Styrkar
60 000 4 200 (garnison)
70 000 (støttearme)
Tap
10 000 337 drepne
359 skadde
321 fanga eller deserterte

Omleiringa av Philippsburg vart utført av franske styrkar ved festninga i Philippsburg i Rhindalen under den polske arvefølgjekrigen. Hertugen av Berwick leia av 100 000 mann mot austerrikske styrkar. 60 000 av franskmennene vart nytta til å erobre festninga i Philippsburg frå 1. juni 1734. Ein støttearme på 35 000 mann under den aldrande Eugene av Savoie (i lag med kronprins Fredrik av Preussen) klarte ikkje å stoppe kringsetjinga. Den 12. juni vart Berwick drepen av ei kanonkule då han inspiserte grøftene og kommandoen over omleiringsstyrkane gjekk til marskalk d'Asfeld og Noailles. Festninga overgav seg ein månad seinare og garnisonen trekte seg attende til festninga Mainz med æra i hald.

D'Asfeld vart forfremma til marskalk av Frankrike for rolla si i felttoget. Wuttgenau vart forfremma til generalløytnant for det energiske forsvaret av festninga.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkelen for dette emnet er den polske arvefølgjekrigen.

August II døydde den 1. februar 1733, gjorde både sonen hans, August III og Stanislas I, som var svigersonen til kong Ludvig XV av Frankrike, krav på trona. Medan ein stand-in tilsynelatande forlet Brest til sjøs, kryssa Stanislas Tyskland med skjult identitet og nådde fram til Warszawa den 8. september. Den 12. september vart Stanislas valt til konge av Polen av riksdagen.

Då han vart valt invaderte Russland og Austerrike, som begge støtta August III, Polen. Den 22. september måtte Stanislas, som ikkje hadde ein skikkeleg armé, søke tilflukt i Danzig (i dag Gdansk), for å vente på støtte frå Frankrike, som han hadde vorte lova. DEn 5. oktober, vart August III utnemnd til konge, verna av russiske styrkar i Warszawa. Storbritannia, Dei sameinte Nederlanda, Sverige, Danmark og Republikken Venezia erkjente at det russisk-austerrikske åtaket mot Polen var krigsårsak og lovde å halde seg nøytrale. Spania, som trakta etter Kongedømet Napoli og Sardinia, som hertugen av Milano ønskte, tok Frankrike si side.

Hoffmennene til Ludvig XV (som prinsen av Conti og Eu, grevane av Clermont, Charolais og Belle-Isle, duc de Richelieu, men òg Moritz av Sachsen, halvbror til August III og tidlegare kjæraste til Anna Ivanovna, no tsarina av Russland) støtta marskalk James FitzJames, hertugen av Berwick om å danne ein armé for å invadere Rheinland for å ta hertugdømet Lorraine og distrahere Austerrike frå hendingane i Polen.

Hausten 1733 kryssa den franske armeen Rhinen og kringsette Kehl, nær Strasbourg. Sjølv om dei erobra og okkuperte festninga, vart det meste av armeen trekt tilbake til vestbreidda av Rhinen då vinteren byrja i desember. I løpet av vinteren starta den austerrikske feltmarskalken Eugene av Savoie å samle styrkane i riket i ein leir nær Heilbronn for å møte franskmennene. Våren 1734 var desse styrkane framleis langt mindre enn dei franske styrkane, som hadde nesten 70 000 mann i felten.

Freiherr Gottfried Ernst von Wuttgenau fekk kommando over festninga i Philippsburg i desember 1733. Festninga var i elendig tilstand, og vollgrava var enkelte stader nesten fylt att slik at det var lett å nå festningsvollane. Han fokuserte førebuingane av forsvaret på flaumkontrollen til festninga, eit viktig forsvarselement som gjorde at kringsetjarane måtte arbeidde i myrlendt terreng nedanfor festninga, medan ingeniør Gerhard Cornelius von Walrave, leia reparasjonane og utbetringa av dei austlege delane av festninga, der tidlegare åtak var fokusert. Våren 1734 var desse førebuingane nesten ferdig, sjølv om garnisonen hadde lite ammunisjon og erfarne artilleripersonell og ingeniørar. Forsvararane bestor av ein bataljon frå Walseggers, kompani frå keisarregimenta i Württemberg, Max Hessen, Kettler, Müfflingen, Sachsen-Gotha, Wolfenbüttel, Walsegg og Bevern, det frankiske Höltzl-regimentet, og kompani frå det frankiske Bassewitz og Heller-regimenta.

Omleiringa[endre | endre wikiteksten]

Seint i mai 1734, starta franskmennene å kringsette festninga i Philippsburg. Totalt vart det sett ut 46 bataljonar med 14 på venstrebreidda av Rhinen og balansen på høgrebreidda, noko som skar av tilkomsten til festninga over land. . Av soldatane på høgrebreidda vart halvparten nytta til kringsetjinga, medan resten fekk i oppgåve å forsvare kringsetjingsleiren mot forsøk på å stoppe kringsetjinga. Den 26. mai byrja dei å grave den ytre grava kring festninga med 12 000 mann.

Kringsetjingsarbeidet gjekk framover under Berwick fram til 12. juni, då han vart treft av eit heldig kanonskot, medan han undersøkte omleiringsverka i den fremre stillinga. Kommandoen over kringsetjingsarmeen gjekk då til d'Asfeld. Den 19. juni byrja Eugene, etter ordre frå keisaren, å flytte armeen sin, som no hadde over 70 000 mann, mot Philippsburg med mål om å stoppe kringsetjinga. Den 27. juni nådde armeen Bruchsal. D'Asfeld svarte med å byggje fleire båtbruer over Rhinen, for å auke transporten av kavaleriet over elva, og sette nokre av omleiringssoldatane inn mot trugselen frå Eugene. Den franske stillinga fekk det verre då kraftig regn den 5. juli gjorde at delar av stillinga deira vart sett under vatn. Trass i desse vanskane, klarte ikkje Eugene å utnytte denne situasjonen, og trekte armeen sin attende.

Den 17. juli hadde franskmennene kome seg gjennom forsvarsverka kring festninga til den indre festningsvollen, og truga hjartet av festninga. Etter å mislukkast i å få kontrakt med Eugene, gjekk Wuttgenau og d'Asfeld med på å overgje seg tidleg den 18. juli.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Sutton, John L (1980). The King's honor & the King's Cardinal: the Den polske arvefølgjekrigen. University Press of Kentucky. ISBN 9780813114170.