Omleiringa av St. John's

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Omleiringa av St. John's
Del av Dronning Anne-krigen
Newfoundland1744.jpg
Detalj frå kart frå 1744 som syner det søraustlege Newfoundland
Dato 1. februar til 5. mars 1705
Stad St. John'sNewfoundland
Resultat Engelsk siger
Partar
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike
Mi'kmaq
Abenaki
Flag of England.svg England
Kommandantar
Daniel d'Auger de Subercase
Josué Dubois Berthelot de Beaucours
Escumbuit
John Moody
Robert Latham
Styrkar
450 50–60
Tap
200 3 drepne
200 sivile fanga

Omleiringa av St. John's var eit mislukka forsøk av franske styrkar leia av Daniel d'Auger de Subercase på å ta fortet i St. John'sNewfoundland vinteren 1705. Subercase leia ein blanda styrke av vernepliktige, militssoldatar og indianarar og brende ned mykje av byen og kringsette fortet i fem veker mellom seint i januar og tidleg i mars 1705. Subercase heva kringsetjinga då han gjekk tom for forsyningar.

Omleiringa var ein del av ein større ekspedisjon der dei prøvde å gjenta særs øydelegglande tokt leia av Pierre Le Moyne d'Iberville i 1696. Mange fjerntliggande engelske samfunn vart øydelagde av mennene til Subercase, som førte til hemntokt frå engelskmennene. Fiske for begge sidene leid hardt under krigen, som enda med at franskmennene måtte avstå krava sine om Newfoundland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 47°34′15″N 52°41′57″W