Omleiringa av Stralsund (1711–1715)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Omleiringa av Stralsund
Del av den store nordiske krigen
Stralsund, Gedenktafel Gustav Adolf in Mauer (2006-09-11).JPG
Minneplate om slaget
Dato 1711 – 24. desember 1715
Stad Stralsund-området i Svensk Pommern (dagens Tyskland)
Resultat Prøyssisk-dansk-saksisk siger
Partar
Flag of Denmark.svg Danmark
Flag of Saxony.svg Kurfyrstedømet Sachsen
Flag of Russia.svg Russland (1711–1714)
Flag of the Kingdom of Prussia (1701-1750).svg Preussen (1714–1715)
Naval Ensign of Sweden.svg Sverige
Kommandantar
Flagget til Danmark Fredrik IV
Flagget til Russland Aleksandr Danilovitsj Mensjikov (1711–1714)[nb 1]
Flagget til Preussen Fredrik Wilhelm I (1714–1715)
Flagget til Preussen Alexander zu Dohna-Schlobitten (1714–1715)
Flagget til Sverige Karl XII (1714–1715)
Flagget til Sverige Magnus Stenbock (1711–1712)
Flagget til Sverige Gustav Dücker
Styrkar
36 000 soldatar Ukjend
Tap
Ukjend Karl XII rømde. Heile garnisonen vart fanga.

Omleiringa av Stralsund var eit slag under den den store nordiske krigen. Det svenske imperiet forsvarte hamnebyen Stralsund i Svensk Pommern mot ein koalisjonen av Danmark-Noreg, Kurfyrstedømet Sachsen og Det russiske tsardømet, i tillegg til Brandenburg-Preussen som kom til under omleiringa.

Det første forsøket på å ta Stralsund vart gjort i 1711, då dei allierte nærma seg byen. Ein svensk hjelpestyrke tvinga koalisjonen til å trekkje seg attende frå festningsverka, og dei omleirande armeane drog derfor ein større ring langs linjene til elvane Recknitz og Peene. Sigeren til Magnus Stenbock ved Gadebusch distraherte ei kort stund dei allierte, men etter at dei følgde etter Stenbock og han vart slått, vart Brandenburg-Preussen, samt Hannover, som vart styrt i ein personalunion med Storbritannia, med i alliansen mot Sverige.

Dei allierte vart samde om at Danmark skulle avstå kravet på Bremen-Verden til Hannover, og til gjengjeld vart Danmark lovd dei nordlege områda av Svensk Pommern med Stralsund, medan dei sørlege ormåda skulle gå til Preussen. I 1714 reid Karl XII av Sverige til Stralsund frå eksiltida si i Tyrkia for å leie forsvaret personleg. Frå 12. juli til 24. desember 1715 la dei allierte ei omleiring på byen og tvinga han til slutt til å overgje seg. Karl XII rømde til Sverige.

Stralsund vart verande under dansk kontroll til han vart gjeven attende til Sverige med Frederiksborg-traktaten.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

I Poltava hadde Det svenske imperiet mista initiativet i den store nordiske krigen. Med hovudarmeen til Karl XII av Sverige øydelagd, vart den anti-svenske alliansen til Det russiske tsardømet, Danmark-Noreg og Sachsen-Polen-Litauen gjenoppretta med Thorn-traktaten og København-traktaten, drog den svenske kongen i eksil til Bender og dei svenske provinsane Finland og Livland vart invadert. Det svenske forsvaret baserte seg på 11 800 soldatar i garnison i Nord-Tyskland, og ein arme på 10 000 mann i Stor-Polen kommandert av Ernst Detlof von Krassow. Sistnemnde var i full retrett, og var plaga av saksiske styrkar og pest[1] som hadde brote ut i Polen.[2]

Den svenske regjeringa sendte ut mobiliseringsordre for Svensk Pommern den 8. april 1711. 3800 mann mellom tjue og førti år vart dradd inn i ei fem år lang teneste.[3] Stralsund hadde kome seg att etter øydelegginga i 1678, men i 1711 vart pesten ført med dei tilbaketrekkande svenske styrkane til Pommern[4] og fleire tusen mista livet.[5] Svenskane vart forfølgd av armeane til dei allierte, som nådde og starta kringsettinga av Stralsund i 1711.[6]

Denne forfølginga gjennom det tidlegare nøytrale Riket kunne skje etter at keisar Josef I døydde i april. Fram til etterfylgjaren til Josef I, Karl VI vart innsett, sa grunnlova til riket at August den sterke, ein av medlemmane i alliansen, skulle styre sakene til riket i Nord-Tyskland. Så då dei svenske styrkane trekte seg tilbake til skansen i Stralsund, Stettin (Szczecin) og Wismar, følgde 6 000 saksarar, 6 000 polakkar og 12 000 russarar etter frå søraust. I tillegg kom 25 000 danskar inn i riket via Holstein-Gottorp og gjekk mot Stralsund frå vest.[6]

Omleiring[endre | endre wikiteksten]

Den store nordiske krigen i Svensk Pommern med Stralsund i midten. Det svenske imperiet vist i oransje, Danmark i lys oker, Brandenburg-Preussen i blå, Braunschweig-Lüneburg (Hannover) i mørk rosa, Kurfyrstedømet Sachsen i oliven, Polen-Litauen i gult. Det russiske felttoget er vist som grøne piler, danskane i rosa, saksarar, polakkar og litauarar i blå, svenskane i raudt, prøyssarane i lys blå og hannovarane i mørk rosa. Omleira byar er vist som ein mørk ring.
Kart over Stralsund-området som syner stillinga til armeane i 1711 og 1712. Merk at kartet ikkje er orientert nordover.
Stralsund i 1715
Kart over Stralsund som syner stillingane til armeen i 1715

Ein svensk hjelpestyrke under Magnus Stenbock[7] med ein styrke på 6 000[8] til 10 000 mann gjekk i land på Rügen den 25. september 1711,[7] og den dansk-saksisk-russiske omleiringsstyrken trekte seg attende til elvane Recknitz og Peene. I staden for å starte eit nytt stort åtak på byen, var dei allierte nøgd med mindre raid og småtrefningar dei neste åra. Den svenske generalen Gustav Dücker bad om forsterkingar og i mai 1712 fekk han 6391 soldatar og 4800 hestar frå Sverige. I tillegg samla Dücker alle dei svenske styrkane som var spreidde i garnisonane i Pommern, om lag 8 000 mann, i Stralsund, medan styrken til dei allierte var om lag 23 000 mann.[8]

På denne tida var ikkje Fredrik IV av Danmark-Noreg interessert i å annektere Stralsund til riket sitt. Då han kom inn i krigen att i 1709 hadde Frederik lovd å ikkje angripe svenske område i Det tysk-romerske riket og verne innbyggjarane som svor truskap til han. Derfor gjekk Fredrik IV under eit møte i 1711 med på at det nordlege svenske Pommern skulle annekterast av August den sterke, kurfyrste av Sachsen og konge av Polen-Litauen. Etter at Georg I av Braunschweig-Lüneburg (Hannover) tok over trona i Storbritannia, som hadde gått ut av den spanske arvefølgjekrigen med freden i Utrecht i 1713 og dermed var fri til å gå inn i den anti-svenske alliansen, gjekk dei inn i den store nordiske krigen, og Fredrik IV endra meining.[8] Alt i 1712 hadde Danmark og Hannover invadert og delt Bremen-Verden.[nb 2][7]

Stralsund-området hadde vore knytt til Danmark sidan seinmellomalderen, og var strategisk viktig som eit bruhovud inn i Det tysk-romerske riket, og ein stor eksportør av ull og korn.[9] Dei første danske krava til det nordlege Svenske Pommern vart sett til papiret i 1713,[8] og utkastet til ein avtale nedteikna i mai 1715 mellom Fredrik IV og Georg I som garanterte at det dansk-okkuperte svenske maktområdet Bremen-Verden skulle gå til Georg I mot at han til gjengjeld gjekk inn i krigen på Frederik si side, og mot at Danmark skulle få Pommern nord for Peene samt 30 000 dalar. Då Brandenburg-Preussen, som òg ønskte å annektere Svensk Pommern, kom inn i alliansen på sommaren, vart det teikna ein dansk-prøyssisk avtale om delinga av Svensk Pommern langs Peene, der Danmark sikra seg kravet om den nordlege delen med Stralsund, og Brandenburg-Preussen den sørlege delen med Stettin. August den sterke protesterte og sidan danskane såg ut til å medverke så lite som mogeleg til dei militære operasjonane og likevel få Stralsund, så byrja omeleiringsstyrkane å krangle.[10]

Stykrane til Stenbock vendte vestover med 16 000 mann for å møte dei allierte ved Gadebusch, og let 3 000 mann vere att i garnisonen i Stralsund.[7] Sigeren deira og rørsla vidare vestover distraherte dei allierte frå omleiringa, og då Stenbock brende ned danske Altona, brende russiske styrkar svenske Wolgast aust for Stralsund som hemn i 1713. Dei allierte kunne konsentrere seg om Stralsund igjen[11] etter at styrkane til Stenbock, forfølgd av 36 000 polakkar, russarar og saksarar,[7] vart slått i slaget ved Tönning den 16. mai 1713. Før dei slo seg saman med omleiringsarmeen nær Stralsund, vart dei russiske styrkane under Alexander Mensjikov[nb 1] og eit saksisk ingeniørkorps vart ført i stilling frå Tönning til Stettin, den andre store svenske festninga i Pommern, og dei tok denne den 20. september 1713. |Den russiske tsaren Peter den store måtte trekkje styrkane sine frå Det tysk-romerske riket med vilkåra i Adrianopel-traktaten, som vart underskriven den 25. juni 1714 etter Prut-felttoget.[12]

Karl XII of Sverige, som var i eksil i Bender i Det osmanske riket mellom overgjevinga i Perevolotsjna til han vendte attende i 1714, hadde sett for seg at Stralsund skulle vere ein base for eit nytt åtak på Peter den store. Planane til Karl XII var eit todelt åtak frå ein svensk arme frå Pommern og ein tyrkisk arme frå sør.[8] Då Karl XII nådde Stralsund i november 1714, vart garnisonen i byen forsterka til ein styrke på 17 000 mann.[12] Karl XII leita etter allierte og forhandla òg med Brandenburg-Preussen, men var motvillig til å godta kravet til Fredrik Wilhelm om Stettin og ei betaling på 400 000 riksdalar. I april 1715 erklærte Brandenburg-Preussen krig.[13]

Sjølv om Georg I ikkje var involvert i krigen som konge av Storbritannia, men berre som hertug av Hannover,[13] fekk den danske marinen støtte i omleiringa av åtte britiske fartøy, som admiral John Norris gav dei. Han hadde ordre om å passe på kjøpmennene til dei maritime maktene i Austersjøen. I juli nærma den allierte styrken seg Stralsund frå land, og i november tok ein samla dansk-saksisk-prøyssisk arme øya Rügen nord for byen. Då nederlaget ikkje var til å unngå, rømde Karl XII[14] og byen overgav seg julaftan. Stralsund vart hovudstad i Dansk Pommern.[15]

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Etter at Stralsund overgav seg, vart det sett opp ein dansk administrasjon under kommandant von Stöcken,[16] og 1028 svenske krigsfangar vart halde i byen.[17] Likevel var mange adels- og borgarfamiliar, anten pommerske, svenske eller inngifte, lojale til Sverige.[16] Det danske styret reagerte med å forby kontakt med Sverige og tvinga landeigarane til å sverje truskap, elles ville dei miste landområda sine eller bli kasta ut av landet. Mange emigrerte derfor til Sverige, mellom anna dei svenske fangane som klarte å rømme med hjelp av dei lokale innbyggjarane. Av 69 høgare svenske embetsmenn og offiserar i fangenskap i Stralsund i januar 1716, var det berre 31 att i byen i mars året etter. Då dei lokale innbyggjarane framleis hadde tett kontakt med Sverige og hjelpte svenske flyktningar, byrja danske vaktstyrkar å patruljere kysten[17] og halde auge med trafikken til Sverige, før denne trafikken vart heilt forbode fram til 1719. Sidan berre nokre få adelsmenn hadde sverja truskap til Fredrik IV i august 1716, gav dei danske styresmaktene dei ein tidsfrist, og i oktober byrja dei å ekspropriere dei som ikkje hadde avlagd eid til danskekongen.[18]

I 1716 overgav svenske Wismar seg òg til dei allierte, og den siste skansen til Sverige på sørsida av Austersjøen var borte.[11] Mot slutten av krigen vart likevel Stralsund gjeve attende til Sverige.[19]

Omleiringa av Stralsund markerte byrjinga på eit venskap mellom Fredrik Wilhelm I av Preussen og hugenottflyktningen Jacques Egide Duhan de Jandun, som han først møtte då han var i teneste hos feltmarskalk Alexander von Dohna i 1715. Året etter gav Fredrik Wilhelm I Duhan den Jandun oppgåva med å fostre den då fire år gamle sonen, seinare kjend som Fredrik den store.[20]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 |Den russiske tsaren Peter den store hadde gjeve baron Aleksandr Danilovitsj Mensjikov kommandoen for omleiringane av Stralsund, Stettin og Tönning, men var dei første åra sjølv i Pommern. Peter den store reiste til Hannover og Russland i 1713, då nederlaget til Magnus Stenbock i Tönning vart uunngåeleg. Bushkovitch (2001), s.309-310.
  2. Danmark hadde invadert Bremen-Verden og hevda at nøytraliteten til Niedersachsen-sirkelen ikkje lenger eksisterte og tvinga den svenske garnisonen i Stade, 2600 mann, til å overgje seg . Hannover hadde invadert Bremen-Verden og hevda at dei ville verne området for svenskane frå pesten som danskane førte med seg. Bremen-Verden vart slikt delt og Danmark fekk erkebispedømet Bremen, og Hannover Verden-området. Wilson (1998), s.139.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Siege of Stralsund (1711–1715)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. desember 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Bushkovitch, Paul (2001). Peter the Great. The struggle for power, 1671-1725. New studies in European history. Cambridge University Press. ISBN 0521805856. 
    • Grabinsky, Anne (2006). «Die Stralsunder Doppelkatastrophe von 1678/80: Wiederaufbau nach zwei vernichtenden Stadtbränden» (på tysk). Kleine Stadtgeschichte. II. Berlin-Hamburg-Münster: LIT Verlag. ISBN 3825889947. 
    • Kunisch, Johannes (2004) (på tysk). Friedrich der Grosse. Der König und seine Zeit (5 ed.). CH Beck. ISBN 3406522092. 
    • Meier, Martin (2008) (på tysk). Vorpommern nördlich der Peene unter dänischer Verwaltung 1715 bis 1721. Aufbau einer Verwaltung und Herrschaftssicherung in einem eroberten Gebiet. Beiträge zur Militär- und Kriegsgeschichte. 65. Munich: Oldenbourg Wissenschaftsverlag. ISBN 3486582852. 
    • North, Michael (2008) (på tysk). Geschichte Mecklenburg-Vorpommerns. Beck Wissen. 2608. CH Beck. ISBN 3406577679. 
    • Oakley, Steward (1992). War and peace in the Baltic, 1560-1790. War in Context. Abingdon - New York: Routledge. ISBN 0415024722. 
    • Wilson, Peter Hamish (1998). German armies. War and German politics, 1648-1806. Warfare and history. Routledge. ISBN 1857281063. 
    • Zapnik, Jörg (2006). «Pest in Stralsund während des Großen Nordischen Krieges 1710-1711 und das Historische Informationssystem». I Kroll, Stefan; Krüger, Kersten (på tysk). Städtesystem und Urbanisierung im Ostseeraum in der Frühen Neuzeit: Urbane Lebensräume und historische Informationssysteme. Beiträge des wissenschaftlichen Kolloquiums in Rostock vom 15. und 16. November 2004. Geschichte / Forschung und Wissenschaft. 12. Berlin-Hamburg-Münster: LIT. ss. 226–255. ISBN 3825887782. 
  1. Wilson (1998), s.136
  2. Zapnik (2006), s.227
  3. Meier (2008), s.57
  4. Zapnik (2006), p.228
  5. Grabinski (2006), s.33
  6. 6,0 6,1 Wilson (1998), s.138
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 Wilson (1998), s.139
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 Meier (2008), s.22
  9. Meier (2008), s.297-298
  10. Meier (2008), s.23
  11. 11,0 11,1 North (2008), s.53
  12. 12,0 12,1 Wilson (1998), s.140
  13. 13,0 13,1 Oakley (1992), s.121
  14. Oakley (1992), s.122
  15. Meier (2008), s.297
  16. 16,0 16,1 Meier (2008), s.72
  17. 17,0 17,1 Meier (2008), s.73
  18. Meier (2008), s.74
  19. North (2008), s.54
  20. Kunisch (2004), s.13