Omlyd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Omlyd eller lydbrigde er ein ikkje-segmental morfologisk prosess med fonologisk assimilasjonsopphav. Vekslingar av typen å sove — han søv, ei nagl — fleire negler er døme på omlyd. Grunnen til at dei bakre vokalane o og a vekslar med fremre ø og e, er at det i urnordisk var ein i i suffikset i andre staving (*sofir, *naglir). I utgangspunktet var dette altså ikkje nokon morfologisk prosess i det heile, men ein fonologisk prosess, ein vokalassimilasjon. Først då suffikset forsvann eller fall saman med andre suffiks som ikkje kravde omlyd, stod omlydsvekslinga att som ein morfologisk operasjon utan fonologisk kontekst. Mens suffikset framleis var til stades, var omlydsvekslinga berre ein sideeffekt av suffikseringa, men etter at suffikset var forsvunne, var det berre vokalvekslinga som skilde ordformer som sov og søv frå kvarandre.

Omlydstypar[endre | endre wikiteksten]

Rettskriving[endre | endre wikiteksten]

Bokstaven Ü vert nytta til å skriva i-omlyden av U. Y er òg nytta til dette. Bokstavane Œ, Ø, og Ö vert nytta til å skriva i-omlyden av O. Æ, Ä, og Ę i norrønt vart nytta til i-omlyden av A. Bokstavane Ǫ i norrønt er nytta til å skriva u-omlyden av A.

Ü, Ö, og Ä var opphavleg U, O, og A med E over seg. Ę og Ǫ var opphavleg E og O med A føre seg.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]