Omnhøns

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Omnhøns


Klaveomnhøne Alectura lathamiFoto: Elizabeth Hane
Klaveomnhøne Alectura lathami
Foto: Elizabeth Hane

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Galliformes
Familie: Megapodiidae

Omnhøns (Megapodiidae) er ein familie av mellomstore tettbygde terrestriske fuglar i ordenen Galliformes. Omnhøns har små hovud og kraftige føter, dei beitar i habitat av skog. Omnfuglar er nær altetarar, dietten er både vegetabilsk og animalsk. Dei fleste artar er brune eller svarte i farga. Omnhøns er kjent for at dei ikkje rugar egga sine sjølve, men grev dei ned og utnyttar rugevarmen frå sola, frå platemateriale som rotnar eller frå vulkanske kjelder. Omnhøns får dei mest utvikla ungane ved klekking blant alle fuglar. Ved klekking har ungane opne auge, kroppsleg koordineringsevne, fullt utvaksne flygefjør og elles dunaktige kroppsfjør. Same dagen som dei er klekte er dei i stand til å springe, finne føde, og hos somme artar kan dei òg flyge.[1] Totalt 21 artar i 6 slekter av omnhøns lever i Australia, Ny-Guinea og på andre nære øyar.

Det vitskaplege namnet kjem frå gresk, mega 'stor' og poda, 'fot'.

Tverrsnitt av reirhaug hos arten malleeomnhøne, Leipoa ocellata. Underlaget som gjev rugevarme er rotnande kompost, eggkammeret er dekt av eit opp til ein meter tjukt sanddekke.
Malleeomnhøne, Leipoa ocellata

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Omnhøns er som dei fleste hønsefuglar tunge, klumpete fuglar som sjeldan flyg. Dei varierer i storleik frå 28 til 70 cm, i vekt mellom 500 og 2450 gram. Dvergomnhøne er den minste, største er klaveomnhøne. Dei har store, kraftige bein og føter. Kraftige føter er eit føremon når dei blir brukt i samband med hekkeåtferda for graving og skuffing av reirhaugar. Baktåa er fullt utvikla, og er på nivå med framtærne - ein funksjon som omnhøns har til felles med hokkoar, det gjer at dei ofte er rekna som slektningar.

Nebbet verkar kort og lite spesialisert, typisk for hønsefuglar, men hos omnhøns har det ein særmerkt eigenskap knytt til hekkeåtferda. Det er kjenslevart for temperaturar og brukast til å kontrollere temperaturen i reirhaugen.

Dominerande fargetonar i fjørdrakta er brunt, svart og grått. Desse lite iaugefallande fargene gjev kamuflasje på bakken blant buskar. Hos nokre artar har andletet naken, klårt farga hud, og hos somme artar dekker desse områda heile hovudet og nakken. Nokre har eit par av hudfoldar under haka eller hudposar på halsen. Hammaromnhøne har ein knoklete utvekst på hovudet, som minner om det ein finn hos kasuarar.

Kjønnsdimorfismen, om han eksisterer i det heile, er ikkje spesielt slåande. Hannane er gjerne litt større, den nakne hudområda er meir fargerike, og hudposar på halsen er større og meir synlege. Men desse skilnadene er så små at dei knapt er brukbare i feltornitologien.

Vengene av omnhøns er store og runde. Dei tillèt flyging over korte avstandar, oftast skjer det berre for å vike unna fare. Større artar flyg ofte berre få meter.

Halane er mykje ulike avhengig av art. «Ekte» omnhøns i Megapodius-slekta har ein svært kort, tverr hale. Derimot har klaveomnhøne og Aepypodius-artar lange og avrunda halar som blir brukte under kurtise.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Omnhøns rugar ikkje egga sine med kroppsvarmen slik som andre fuglar gjer, men grev dei ned. Egga er unike i å ha stor eggeplomme i høve til totalmassen, plomma gjer opp 50-70 % av eggvekta.[2] Desse fuglane er best kjente for å byggje massive reirhaugar av rotnande vegetasjon, som hannen passar med å leggje til eller fjerne kompost for å regulere varmen i rugeperioden. Men nokre artar grev ned egga sine i andre måtar: somme brukar geotermisk varme, og andre rett og slett set sin lit til solvarmen som varmar opp sanden. Nokre artar varierer rugestrategien avhengig av det lokale miljøet.[3]

Omnhønsungar manglar eggtann ved klekking: Dei brukar dei kraftige klørne til å bryte ut av egget, og deretter grev dei seg opp til overflata av reirhaugen. Når ungane er klekte har dei fullt utvikla fjører og er aktive, allereie i stand til å flyge og lever uavhengig av foreldra.[2]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Ein finn ofte klaveomnhøne i parkar eller hagar.
Foto: Vicki Nunn

Omnhøns finst i den utvida Australasia-regionen, inkludert øyar i det vestlege Stillehavet, Australia, Ny-Guinea, og øyane i Indonesia austom Wallace-linja, men òg Andamanøyane og Nicobarane i Bengalbukta. Populasjonen av familien har gått tilbake i Stillehavet med tilstedevere av menneske, og ei rekkje øygrupper som Fiji, Tonga og Ny-Caledonia har mista mange eller alle omnhønsartar.[3]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Omnhøns i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[5]

Slekt Alectura

Slekt Aepypodius

Slekt Talegalla

Slekt Leipoa

Slekt Macrocephalon

Slekt Megapodius

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Starck, J.M., Ricklefs, R.E.(1998) Avian Growth and Development. Evolution within the altricial precocial spectrum. Oxford University Press, New York, 1998.
  2. 2,0 2,1 Starck, JM & SUtter E (2000) Patterns of growth and heterochrony in moundbuilders (MEgapodiidae) and fowl (Phasianidae). J. Avian Biol. 31:527-547
  3. 3,0 3,1 Steadman D, (2006). Extinction and Biogeography in Tropical Pacific Birds, University of Chicago Press. ISBN 978-0-226-77142-7
  4. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 26. april 2014 
  5. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Omnhøns