Omskjering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

frå 2350-2000 f.Kr.]]

Omskjeringa av Jesus. Måleri frå 1400-talet.

Mannleg omskjering er nemninga på kirurgisk fjerning av forhudapenis. Kvinneleg omskjering, eller kjønnslemlesting, er eit inngrep av ein heilt annan art og konsekvens enn den mannlege.

Omskjeringa har svært gamle tradisjonar. Ho finst på egyptiske bilete frå 2300-talet fvt. I dag er om lag 15 % av mennene i verda omskorne.

Det finst i hovudsak tre ulike sortar grunnar til å utføre dette inngrepet: religiøse/kulturelle, medisinske eller estetiske.

I jødedomen og islam er omskjering av gutar sjølvsagd, og blir sedd som likeverdig med dåpen hjå dei kristne. Omskjeringa er såleis identitetsskapande for jødar og muslimar.

I USA er det òg tradisjon å omskjere gutebarn, no grunngitt med hygieniske grunnar.

Forhuda kan òg fjernast av medisinske grunnar, men da er det vanleg at ein først prøver å løyse problemet med trong forhud (og medfølgjande problem) med å snitte opp forhuda, eller fjerne berre delar av henne.

Dei siste åra har ein del menn også fått fjerna forhuda av reint estetiske grunnar — men dette er enno ein liten del av dei omskorne mennene.

Mannleg omskjering er omdiskutert, men ikkje allment fordømd til liks med den kvinnelege. Ein av fordelane som har kome fram dei siste åra, er at omskorne menn er monaleg mindre utsette for HIV-smitte enn uomskorne. Det meste av ordskiftet gjeld difor under kva vilkår inngrepet skjer, kven som lovleg kan utføre det, og kven som skal betale for det.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Omskjering

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.