Omund Bjørnsson Birkeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Omund Bjørnsson Birkeland
none  Omund Bjørnsson Birkeland påeit måleri frå 1863 av P. Meidell, frå Eidsvoll 1814
Omund Bjørnsson Birkeland på
eit måleri frå 1863 av P. Meidell, frå Eidsvoll 1814
Fødd 17. april 1786
Nord-Audnedal i Vest-Agder
Død 14. april 1862 (75 år)
Nedre Velde
Parti Unionspartiet
Yrke Gardbrukar
Verv Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
 - valkrins Vesterlehnske Infanteri-Regiment

Omund Bjørnsson Birkeland (17. april 178614. april 1862) var ein gardbrukar og eidsvollsmann frå Nord-Audnedal i Vest-Agder.

Birkeland var fødd i Konsmo sokn i Nord-Audnedal. Han var underjeger ved vesterlenske infanteriregiment i tida før 1814. 1814 vart han vald til utsending frå regimentet til riksforsamlingaEidsvoll. Der var han lite aktiv i forhandlingane, men det er kjent at han røysta med unionspartiet.

Nokre år etter 1814 tok Birkeland over farsgarden i Konsmo, og budde der sidan. Han vart ofte nytta i kommunale ombod.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]