On Tour with Eric Clapton
| On Tour With Eric Clapton Konsertalbum av Delaney & Bonnie & Friends |
||
| Utgjeve | Mars 1970 | |
| Innspelt | 7. desember 1969, Fairfield Halls i Croydon | |
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 42:35 (incl. stage announcements and crowd noise) | |
| Selskap | Atco | |
| Produsent | Jimmy Miller, Delaney Bramlett | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Delaney & Bonnie & Friends-kronologi | ||
| Accept No Substitute (1969) |
On Tour With Eric Clapton | To Bonnie from Delaney (1970) |
| Eric Clapton-kronologi | ||
| Blind Faith (1969) |
On Tour With Eric Clapton | Eric Clapton (1970) |
On Tour with Eric Clapton er det tredje albumet til Delaney & Bonnie Bramlett, og det første albumet deira på Atco/Atlantic. Det kom ut i mars 1970 og på albumet har dei med seg det mest kjende turnebandet dei hadde, med Eric Clapton, Jim Gordon, Carl Radle, Bobby Whitlock, Leon Russell, Dave Mason og George Harrison (under psevdonymet «L'Angelo Misterioso»). Mange av musikarane på albumet spelte seinare med Clapton på solodebuten hans og på Layla and Other Assorted Love Songs, og med Harrison på hans All Things Must Pass.
Det vart gjeve ut på ny i 2010 som ein plateboks med fire plater med dei komplette konsertane i Royal Albert Hall i London og opptak frå Colston Hall i Bristol og Fairfield Halls i Croydon.
Sidan ein ikkje fann gode nok bilete av Delaney and Bonnie for plateomslaget, vart det nytta eit bilete av ein Rolls-Royce Silver Dawn i ein ørken, visstnok teken av manager Barry Feinstein då han arbeidde som fotograf for ein Bob Dylan-turne i 1966. Det er føtene til Dylan ein kan sjå ut av vindauget.[1]
George Harrison spelte slidegitar på den engelske delen av turneen som følgde etter konsertane i Albert Hall, samt fleire konsertar i Skandinavia, så han er ikkje med på den første CDen, berre dei tre andre.
Albumet vart det mest suksessrike for Delaney and Bonnie og nådde 29. plass på den amerikanske albumlista og selde der til gullplate.
Innhaldsliste |
Innhald [endre]
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 1. | «Things Get Better» | Steve Cropper, Eddie Floyd, Wayne Jackson | 4:20 |
| 2. | «Poor Elijah - Tribute to Johnson Medley» | Delaney Bramlett, Jim Ford, Leon Russell) | 5:00 |
| 3. | «Only You Know and I Know» | Dave Mason | 4:10 |
| 4. | «I Don't Want to Discuss It» | Beth Beatty, Dick Cooper, Ernie Shelby | 4:55 |
| 5. | «That's What My Man Is For» | Bessie Griffin | 4:30 |
| 6. | «Where There's a Will There's a Way» | Delaney Bramlett, Bonnie Bramlett, Bobby Whitlock | 4:57 |
| 7. | «Comin' Home» | Delaney Bramlett, Bonnie Bramlett, Eric Clapton | 5:30 |
| 8. | «Little Richard Medley: Tutti Frutti/The Girl Can't Help It/Long Tall Sally/Jenny Jenny» | Richard Penniman, Bobby Troup | 5:45 |
Medverkande [endre]
- Bonnie Bramlett: Vokal.
- Delaney Bramlett: Gitarar, vokal.
- Eric Clapton: Gitarar, vokal.
- Leon Russell: Gitarar, klaverinstrument.
- Dave Mason: Gitarar.
- George Harrison: Gitarar.
- Carl Radle: Bassgitar.
- Bobby Whitlock: Orgel, Klaverinstrument, Vokal.
- Rita Coolidge: Korvokal.
- Jim Gordon: Trommer, perkusjon.
- Tex Johnson: Perkusjon.
- Bobby Keys: Saksofon
- Jim Price: Trombone, Trompet, Horn.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «On Tour with Eric Clapton» frå Wikipedia på engelsk, den 13. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Random Notes». Rolling Stone (Straight Arrow Publishers, Inc.) (55): 4. April 2, 1970.