On a Night Like This
| On a Night Like This Singel av Kylie Minogue frå albumet Light Years |
||
| B-side | «Ocean Blue» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 11. september 2000 | |
| Innspelt | 2000 | |
| Sjanger | Pop, dansepop | |
| Lengd | 3:31 | |
| Selskap | Parlophone | |
| Låtskrivar(ar) | Steve Torch Graham Stack Mark Taylor Brian Rawling |
|
| Produsent | Graham Stack Mark Taylor |
|
| Kylie Minogue-kronologi | ||
| «Spinning Around» (2000) |
On a Night Like This | «Kids» (2000) |
«On a Night Like This» er ein dansepopsong skriven av Steve Torch, Graham Stack, Marker Taylor og Brian Rawling. Kylie Minogue gav han ut i slutten av 2000. Det er den andre singelen frå albumet hennar Light Years. Singelen nådde andreplass på topplista i Storbritannia og førsteplass i Australia. Minogue framførde songen i Sydney under avslutningssermonien av Sommar-OL 2000.
Innhaldsliste |
Informasjon [endre]
«On a Night Like This» vart utgjeven i Australia og New Zealand 25. september 2000 og utgjeven over heile verda av Parlophone. Songen vart spelt inn i London i England. Minogue spelte òg inn ei B-side til singelen med tittelen «Ocean Blue».
Singelen låg sytten veker på Topp 50, og vart ein av Minogue-singlane som hadde lengst opphald på hitlistene. Han vart sertifisert platina og vart den tjuesjuande mest suksessfulle singelen i 2000 i Australia. Singelen gjorde det også bra i Storbritannia der han nådde nummer to, og vart ein moderat suksess i andre landar.
Komposisjon [endre]
«On a Night Like This» er ein dansepopsong i moderat tempo, ofte skildra som ein song i discostil, med akustiske gitarriff, prominent bruk av synthesizerar og vokalharmoniar.
Format og sporliste [endre]
- Australsk CD 1
- «On a Night Like This» – 3:31
- «On a Night Like This» (Rob Searle Mix) – 7:58
- «On a Night Like This» (Motiv8 Nocturnal Vocal Mix) – 7:31
- «On a Night Like This» (Bini and Martini Club Mix) – 6:34
- «On a Night Like This» (Video)
- Britisk CD 1
- «On a Night Like This» – 3:31
- «Ocean Blue» – 4:23
- «Your Disco Needs You» (Almighty Mix) – 8:22
- «On a Night Like This» (Video)
- Europeisk CD 1 / Australsk CD 2
- «On a Night Like This» – 3:31
- «Ocean Blue» – 4:23
- «Your Disco Needs You» (Almighty Mix) – 8:22
- «On a Night Like This» (Halo Mix) – 8:05
- Britisk CD 2
- «On a Night Like This» – 3:31
- «On a Night Like This» (Rob Searle Mix) – 7:58
- «On a Night Like This» (Motiv8 Nocturnal Vocal Mix) – 7:31
- Europeisk CD 3
- «On a Night Like This» – 3:31
- «Ocean Blue» – 4:23
- «On a Night Like This» (Video)
Topplisteplasseringar [endre]
| Toppliste | Listeplassering |
|---|---|
| Australia (ARIA Charts)[1] | 1 |
| Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[2] | 29 |
| Finland (Suomen virallinen lista)[3] | 20 |
| Frankrike (SNEP)[4] | 69 |
| Tyskland (Media Control Charts) | 72 |
| Irland (Irish Singles Chart) | 16 |
| Nederland (Mega Single Top 100)[5] | 64 |
| New Zealand (RIANZ)[6] | 35 |
| Sveits (Schweizer Hitparade)[7] | 31 |
| Sverige (Sverigetopplistan)[8] | 51 |
| Storbritannia (UK Singles Chart)[9] | 2 |
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «On a Night Like This (Kylie Minogue)» frå Wikipedia på bokmål, den 20. desember 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Australian-charts.com – Kylie Minogue – On a Night Like This. ARIA Charts. Hung Medien.
- ↑ Ultratop.be – Kylie Minogue – On a Night Like This. Ultratop 40. Hung Medien.
- ↑ Finnishcharts.com – Kylie Minogue – On a Night Like This. Suomen virallinen lista. Hung Medien.
- ↑ Lescharts.com – Kylie Minogue – On a Night Like This. SNEP. Hung Medien.
- ↑ Dutchcharts.nl – Kylie Minogue – On a Night Like This. Mega Single Top 100. Hung Medien.
- ↑ Charts.org.nz – Kylie Minogue – On a Night Like This. Recording Industry Association of New Zealand. Hung Medien.
- ↑ Kylie Minogue – On a Night Like This – swisscharts.com. Schweizer Hitparade. Hung Medien.
- ↑ Swedishcharts.com – Kylie Minogue – On a Night Like This. Sverigetopplistan. Hung Medien.
- ↑ Chart Stats – Kylie Minogue – On a Night Like This. UK Singles Chart. Chart Stats.