On the Origin of Species

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tittelbladet til den engelske utgåva av On the Origin of Species.

On the Origin of Species (eigentleg On the Origin of Species by Means of Natural Selection, or the Preservation of Favoured Races in the Struggle for Life.) er Charles Darwin sitt banebrytande verk om evolusjon ved naturleg utval.

Darwin presenterer evolusjonsteorien i boka, der populasjonar utviklar seg over fleire generasjonar gjennom naturleg seleksjon. Boka blir rekna som ein av dei viktigaste vitskaplege bøkane gjennom tidene, og la grunnlaget for moderne evolusjonsbiologi.

Det første opplaget til boka på 1250 eksemplar kom ut den 24. november 1859 og vart utselt same dag. Det andre opplaget vart òg utselt innan utgangen av året 1859. Boka si sjette og siste utgåve vart gjeven ut i 1871.

Samandrag av Darwin sin evolusjonsteori[endre | endre wikiteksten]

Darwin avbilda få år før publiseringa av teorien
Foto: Maull & Fox, ca. 1854

Evolusjonsteorien skildra i boka er baserte på sentrale fakta og slutningar trekt frå dei. Biologen Ernst Mayr summerer opp teorien som følgjer:[1]

  • Kvar art er tilstrekkeleg fruktbar, slik at viss alle avkom overlevde fram til å reprodusere, så ville populasjonen vekse. (fakta)
  • Trass periodiske svingingar, held populasjonar omtrent verande på same storleik. (faktisk)
  • Ressursar som føde er avgrensa og er relativt stabile over tid. (faktisk)
  • Ein kamp for å overleve følgjer. (slutning)
  • Individ innanfor ein populasjon varierer monaleg frå kvarandre. (faktisk)
  • Mykje av denne variasjonen er arveleg. (faktisk)
  • Einskildindivid som er mindre eigna til miljøet sitt har mindre sannsyn for å overleve og mindre sannsyn for å reprodusere; individ som er meir eigna til miljøet vil meir sannsynleg overleve og meir sannsynleg reprodusere og overlevere dei arvelege eigenskapane sine til framtidige generasjonar, noko som utgjer prosessen for naturleg utval. (slutning)
  • Denne saktegåande prosessen resulterer i populasjonar som endrar seg for å tilpasse seg (skiftingar i) omgjevnadene, og til slutt, desse variasjonane akkumulerast over tid til å danne nye artar. (slutning).

Innhaldet i boka[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Innhaldet i boka On the Origin of Species.

Sjølv kalla Darwin On the Origin of Species «eit einaste langt argument» for evolusjonen. Han gjekk grundig til verks, og presenterte omfattande dokumentasjon på

  • at det går føre seg evolusjon, altså at artar kan endrast, og
  • korleis evolusjon kan føregå, nemleg
    • at endringar skjer gradvis, ikkje sprangvis,
    • at artar kan gje opphav til nye artar, og at
    • den drivande krafta bak desse evolusjonære endringane er naturleg seleksjon, det naturlege utvalet.

Evolusjonstanken i seg sjølv var ikkje ny, og mange av dei som levde på Darwin si tid hadde akseptert han i det minste som mogleg. Det som mangla, var likevel ei forklaring på prosessane bak evolusjonære endringar. Naturleg seleksjon var denne forklaringa, og utgjorde difor hovudtemaet i boka.

Den største mangelen til boka låg utan tvil i at arvelæra endå ikkje var kjent. Darwin viste at eigenskapar gjekk i arv i naturen, men han var ikkje i stand til å forklare korleis. Darwin var nøye med å peike på dette og på anna han såg på som veikskapar og sider ved teorien som ikkje var løyste. Dermed var framgangsmåten hans i overraskande stor grad i samsvar med dagens syn på vitskapsteori, jamfør falsifikasjonisme.

Men òg innsikta Darwin synte for tydinga og utstrekkinga av variantar innanfor artar var banebrytande. Han dokumenterte variasjon både innanfor og mellom populasjonar, kjønna og såkalla morfar.

Utgjevinga si forhistorie[endre | endre wikiteksten]

Så òg Utviklinga av Darwin sin evolusjonsteori og Offentleggjeringa av Darwin sin evolusjonsteori.

Darwin oppdaga prinsippet om naturleg utval allereie i 1838, men venta altså i meir enn 20 år med å publisere teorien sin. Blant grunnane til dette var den skrantande helsa hans og at han heldt på med andre publikasjonar, spesielt om geologi og systematikken for rankeføttingane), men òg ei stor aktsemd, fordi han skjønte at argumentasjonen måtte vere særs grundig viss han skulle få aksept for teorien.

Det som skunda fram publiseringa, var eit brev frå ein yngre kollega, Alfred Russel Wallace, der Wallace skisserte ein identisk teori. Medan Darwin fortvilte over at han ikkje hadde rokke å bli den første oppdagaren av naturleg seleksjon, arrangerte andre kollegaer eit møte hos Linnean Society i London den 1. juli 1858, der ein felles publikasjon av Darwin og Wallace vart lesen opp. Hovudpersonane var forhindra frå å delta, Darwin fordi han var i gravlegginga til den yngste sonen sin, og Wallace fordi han oppheldt seg på feltarbeid på Borneo. Artiklane vart publiserte i Journal of the Proceedings of the Linnean Society, Zoology (bd. 3, s. 45–62, 1859) – med Darwin som førsteforfattar.

Etter dette byrja Darwin for fullt med å skrive eit samandrag av boka si. Det er dette «samandraget» på 502 sider som vart til On the Origin of Species, gjeve ut av John Murray i London. Darwin gav seinare opp planane om å publisere «heile boka», men deler av ho kom ut blant anna i 1868 i boka hans The Variation of Animals and Plants under Domestication. Natural Selection heldt fram som eit manuskript heilt fram til 1975 då det vart transkribert og gjeve ut.[2]

Wallace blir vanlegvis rekna som medoppdagar av naturleg seleksjon. Likevel er det nok rettvist at Darwin blir nemnt først, ikkje berre fordi han var klårt først av dei to om å oppdage (om enn ikkje publisere) prinsippet, men òg fordi han var den som hadde samla den utfyllande dokumentasjonen som la grunnlaget for at teorien vart akseptert av fagfellar.

Mottakinga av boka[endre | endre wikiteksten]

Darwins lære kom i direkte motsetningsforhold til skapingslæra. Hustruet åt biskopen i Worcesters, Lady Wilberforce, talte om On the Origin of Species: «La oss håpe at teorien ikkje er sann. Og viss han er sann, la oss be om at han ikkje blir viden kjend».[3]

Mottakinga og bruken av darwinismen i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg var især naturvitskapsmannen, folkloristen og eventyrforteljaren Peter Christen Asbjørnsen tidleg ute med å tileigne seg læra åt Darwin og vidareformidle ho, medan den første omsetjinga til nordiske språk vart gjord av dansken Georg Brandes i 1871.

Evolusjon vart straks tatt opp i vitseteikningar i vittigheitspressa. Norske vekeblad som Ny illustreret Tidende og det humoristiske Vikingen gjenga i 1880-årane dei populære teikneseriestripene frå det tyske Fliegende Blätter, som gjennom tre teikneserieruter synte fram oppfinnsame løysingar på korleis t.d. ei kaffekanne gjennom eit mellomnivå kunne utvikle seg til ei kaffikjerring, osb. I Noreg førde ikkje On the Origin of Species og evolusjonsteorien til same allmenne debatt som i Storbritannia. Debatten var i all hovudsak vitskapleg. Sjølv om ein del geistlege krefter stilte seg kritisk, stilte ikkje kyrkja i landet seg like unisont kritisk som dei konservative kreftane i Den anglikanske kyrkje hadde gjort.

Etter at idéane på ulikt vis hadde blitt handsama vitskapleg, vart han òg tatt opp innanfor skjønnlitteraturen, som t.d. i Henrik Ibsen-stykket Vildanden, der både dyra sine overlevingsevner inne på mørkeloftet,[4] og mennesket sitt balanserte strev mellom arv og miljø, blei eit tema.

På 1900-talet oppstod ein eigen sosialdarwinisme innanfor så vel biologien som sosiologien. Samfunnet vart òg skildra som ein levande organisme. Retninga var spesielt sentrert omkring konkurranse og maktfaktorar, og la mindre vekt på det dynamiske aspekt som forkynte at både utvikling og overleving var knytt til idéen om «naturleg seleksjon». Innanfor dei humanistiske og samfunnsvitskaplege faga reiste det seg kraftig kritikk av sosialdarwinismen, somme tider òg stempla som vulgær-darwinisme.

I 1996 vart 100 norske vitskapsfolk bede om å nemne den boka dei oppfatta som den viktigaste faglitterære boka gjennom alle tider. Over 40 av desse svarte On the Origin. På bakgrunn av kåringa vart førsteutgåva av verket omsett på nytt og gjeve ut i 1998 som band 1 i Bokklubbens Kulturbibliotek. Førre utgjeving av boka i norsk omsetjing (1889) var av den sjette utgåva.

Boka si idéhistoriske tyding[endre | endre wikiteksten]

Utgjevinga av On the Origin of Species markerer ei av dei største idéhistoriske omveltingane i moderne tid, eller kanskje i det heile. Sjølv om Darwin utsette drøfting av implikasjonane til evolusjonen for vår eigen art til ein seinare publikasjon, The Descent of Man i 1871, var det òg openbert at mennesket sin sjølvskrivne plass som «krona på skaparverket» ikkje lengjer kunne oppretthaldast. Dette kolliderte ikkje berre med spesifikt kristne førestellingar, men òg med mange oppfatningar som det hadde herska semje om minst sidan Platon.

Dei mest banebrytande endringane i verdsbiletet var desse:

  • Boka slo beina vekk under essensialismee, som hadde vore det rådande metafysiske verdsbiletet i over 2000 år: Artar er ikkje uforanderlege essensar, men evolverande einingar; og organismar er unike individ, ikkje «blåkopiar» av ein essens.
  • Likeins fekk førestellinga om eit deterministisk univers sin første alvorlege dempar: Evolusjon er ein stokastisk prosess og var ikkje i samsvar med det materialistiske verdsbiletet, som hadde vore einerådande i vitskapen sidan Galilei og Newton.
  • Tilvera har korkje mål (teleologi) eller meining, men er eit resultat av ein kombinasjon av slump og naturlovar.
  • Det finst ikkje noko framsteg i naturen – naturen er i konstant endring som inneber både endringar til det betre og det verre, både aukande og minkande kompleksitet.
  • Naturen sin trinnstige er ikkje meir enn menneskeleg ønsketenking. Mennesket er ikkje «krona på skaparverket», men ein tilfeldig art som tilfeldigvis og forbigåande er jorda sin mest intelligente.
  • «Tingenes orden» er ikkje etter vilje, og difor korkje god eller moralsk. «Godleik» er ein menneskeskapt målestokk, som ikkje har nokon korresponderande storleik i naturen. Naturen er sjølvsagt heller ikkje vond eller umoralsk – som einskilde vulgærtolkingar av darwinismen suggererer – men amoralsk, det vil seie fri for verdiar.
  • I naturen førekjem meir konkurranse og mindre samarbeid enn trudd. «Kampen for tilveret» tar ikkje omsyn til dei svake.
  • «Kvifor»-spurnad kan svarast på ein heilt ny måte. Før kunne ein gje proksimate og finalistiske forklaringar på spurnad som til dømes «kvifor kan vi sjå?» («Fordi auget fokuserer ljoset på netthinna,» høvesvis «fordi det er Guds føremål at vi ser skaparverket.») No vart den finalistiske forklaringa avløyst av ei ultimat forklaring. («Fordi organismar som kunne sjå, overlevde betre i ei av stamformene våre enn organismar som ikkje kunne sjå.»)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Mayr, Ernst (1982), The Growth of Biological Thought, Harvard University Press, s. 479–480, ISBN 0-674-36446-5
  2. On the Origin of Species – The 150th Anniversary Landmark Edition, forord
  3. Per Anders Madsen: «Jubileum for vår tid». Aftenposten nr. 603. Måndag 29. desember 2008, [Kultur] s. 3.
  4. Dei fire dyreartane som blir heldne fanga på mørkeloftet er som i Darwin sitt husdyrforsøk; villand, kaninar, høns og duer.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Teksten til On the Origin of Species ved Wikisource.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: On the Origin of Species