On the Silent Wings of Freedom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
On the Silent Wings of Freedom
Song av Yes
frå albumet Tormato
Utgjeve 29. september 1978
Sjanger Progressiv rock
Lengd 7:47
Selskap Atlantic Records
Låtskrivar(ar) Jon Anderson
Produsent Yes

«On the Silent Wings of Freedom» er ein song frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i 1978albumet Tormato. Songen er skriven av Jon Anderson og Chris Squire. Dette er den songen på albumet som er mest typisk for det etablerte lydbiletet til Yes på 1970-talet, og det er òg den lengste songen på albumet med sine 7 minutt og 47 sekund.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Songen opnar med eit staccato tema spelt på gitar, med ein «avventande» rytmeseksjon. Jon Anderson si stemme går høgt, og teksten er òg «høgtsvevande». Etter to vers blir tempoet sett opp, og gitaren og pianoet spelar saman i noko som kan høyrast ut som ein improvisert jam. Songen har eit blanda preg av psykedelisk rock, rock 'n' roll og jazz, noko som ikkje er heilt uvanleg for songar innan progressiv rock.

Sjølv om albumet Tormato ikkje fall heilt i smak hos Yes-fans, har denne songen vorte ein publikumsfavoritt.

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

«On the Silent Wings of Freedom» vart spelt på alle konsertar under Tormato-turneen. Han vart så spelt på berre ein av konsertane under Big Generator-turneen, nemleg i Springfield 19. november 1987. Mellom 2002 og 2004 vart songen spelt under fleire av konsertane til bandet, men har ikkje vorte spelt sidan juli 2004.[1]

Det finst foreløpig ingen offisielle utgjevingar med konsertopptak av songen.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

På originalinnspelinga frå 1978 medverkar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]