On the Third Day

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
On the Third Day
Studioalbum av Electric Light Orchestra
Språk engelsk
Utgjeve November 1973 (US)
14. desember 1973 (UK)
Innspelt April – mai 1973 i De Lane Lea Studios i London
Sjanger Symfonisk rock, progressiv rock
Lengd 39:26
Selskap Warner Bros. (UK)
United Artists (US)
Produsent Jeff Lynne
Electric Light Orchestra-kronologi 
ELO 2
(1973)
On the Third Day The Night the Light Went On in Long Beach
(1974)
Singlar frå On the Third Day
  1. «Showdown»
    Utgjeve: 14. september 1973
  2. «Ma-Ma-Ma Belle»
    Utgjeve: Februar 1974

On the Third Day er det tredje studioalbumet til Electric Light Orchestra (ELO), og det første heilt utan Roy Wood.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 stars[1]
Music Box3/5 stars[2]
Rolling Stone(negativ)[3]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

On the Third Day kom ut i 1973 og gjekk ikkje inn på albumlista i Storbritannia, men nådde 52. plassen på albumlista i USA.[4] Side to av alblumet vart spelt inn under eller kort tid etter innspelinga for det andre albumet til ELO, ELO 2, men inneheldt i motsetnad til føregjengaren kortare spor. Dei fire songane på side ein av albumet var knytt saman til ein samanhengande suite. Fiolinisten Mik Kaminski debuterte på side ein av albumet då han erstatta Wilf Gibson, men Gibson spelar på side to (og bonusspor). Cellisten Colin Walker slutta i bandet på same tid og Mike Edwards vart då den einaste cellisten i bandet.

«Showdown» var opphavleg meint å berre vere ein singel, og sidan han var på eit anna selskap enn den britiske versjonen av albumet vart gjeve ut på (Harvest), så er han ikkje med på den originale britiske LP-utgåva. Han vart derimot gjeven ut på den amerikanske utgåva av albumet.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Originalutgåve[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Jeff Lynne, bortsett frå der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Ocean Breakup / King of the Universe»4:07
2.«Bluebird Is Dead»4:24
3.«Oh No Not Susan»3:07
4.«New World Rising / Ocean Breakup (Reprise)»4:05
5.«Showdown»4:09
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Daybreaker»3:51
7.«Ma-Ma-Ma Belle»3:57
8.«Dreaming of 4000»5:04
9.«In the Hall of the Mountain King» (Edvard Grieg)6:37
Bonusspor på CD-utgåva
Nr.TittelLengd
10.«Auntie (Ma-Ma-Ma Belle)» (Take 1)1:19
11.«Auntie (Ma-Ma-Ma Belle)» (Take 2)4:02
12.«Mambo (Dreaming of 4000)» (Take 1)5:05
13.«Everyone's Born to Die»3:43
14.«Interludes»3:40

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. On the Third DayAllmusic
  2. Music Box review
  3. «Rolling Stone review». Arkivert frå originalen 25. august 2007. Henta 13. februar 2015. 
  4. 4,0 4,1 «Electric Light Orchestra - Awards». AllMusic. Henta 13. februar 2015. 
  5. «Electric Light Orchestra». Offfical Charts Company. Henta 12 March 2013.