Onegasjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Onega
Onega -
Onega -
Koordinatar 61°30′N 35°45′EKoordinatar: 61°30′N 35°45′E
Tilsig 58 elvar (Sjuja, Suna, Vodla, Vytegra, Andoma)
Utsig Svir
Tilknytte land Russland
Overflateareal 9894 km²
Vassvolum 280 km³
Høgd over havet 33 m
Øyar 1369 (Kizji)
Busetnadar Kondopoga, Medvezjiegorsk, Petrozavodsk, Pindusji, Povenets

Onegasjøen (russisk Онежское озеро, Onezjskoje ozero; finsk Ääninen eller Äänisjärvi) er ein innsjø i Russland. Han har eit areal på 9894 km² og eit volum på 280 km³. På det djupaste er innsjøen 120 meter. Han har 1369 øyar med eit totalt areal på 250 km². 58 elvar renn ut i innsjøen og dei største av desse er Sjuja, Suna, Vodla, Vytegra og Andoma. Innsjøen er den nest største i Europa og ut frå areal den 18. største innsjøen i verda.

Petrozavodsk, hovudstaden i republikken Karelia, ligg på vestsida av Onega. Republikken ligg omkring Onega i vest, nord og aust. I sør grenser han tnil Leningrad oblast og Vologda oblast.

UNESCO sin verdsarvstad, Kizji Pogost, ligg på ei av øyane i Kizji nord i innsjøen. Her står to kyrkjer frå 1700-talet og er høgdepunktet i eit friluftsmuseum for nordrussisk trearkitektur.

Elva Svir, som markerer den sørlege grensa for Karelia, renn ut frå innsjøen i sørvest til Ladoga og held fram gjennom Neva til Finskebukta.

Det er populært å segle på innsjøen. Det er ein segleklubb i Petrozavodsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]