Only Love Survives

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Only Love Survives»
Eurovision Song Contest 2013
Land Irland
Artist(ar) Ryan Dolan
Språk Engelsk
Komponist(ar) Wez Devine og Ryan Dolan
Låtskrivar(ar) Wez Devine og Ryan Dolan
Resultat
Semifinalepoeng 54
Semifinaleplass 8
Finalepoeng 5
Finaleplass 26
Irland i Eurovision Song Contest
«Waterline»
(2012)
«Only Love Survives» «Heartbeat»

«Only Love Survives» (engelsk for Berre kjærleik overlever) er ein singel av Ryan Dolan. Songen er skriven av Wez Devine og Ryan Dolan.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

The Late Late Show Eurosong 2013[endre | endre wikiteksten]

22. februar 2013 deltok Ryan Dolan i The Late Late Show Eurosong 2013, den irske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige. Han framførte «Only Love Survives» på engelsk, som han skreiv saman med Wez Devine. Songen vart fyrst presentert på radioprogrammet MooneyRTÉ Radio 1 7. februar 2013.[1] Bidraget vann med 112 poeng.

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

Som vinnar av The Late Late Show Eurosong 2013 fekk «Only Love Survives» representere Irland i Eurovision Song Contest 2013. Bidraget gjekk vidare frå den fyrste semifinalen, der det enda på åttandeplass med 54 poeng; sju frå Kypros, seks frå Russland og Storbritannia, fem frå Estland, Nederland og Litauen, fire frå Kviterussland og Belgia, tre frå Danmark, Ukraina og Sverige, to frå Kroatia og eitt frå Moldova. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på sjetteplass med ei rangering på 7,61 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på tiandeplass med ei rangering på 9,26. Desse resultata gjeld berre om berre juryane og berre fjernsynssjåarane i alle deltakarlanda hadde røysta, men resultata er likevel upresist av di det ikkje er offentleggjort kor mange røyster kvart land fekk frå juryen og sjåarane.[2] Landet kvalifiserte seg til finalen der dei enda på 26. og sisteplass med fem poeng; to frå Sverige og Kypros og eitt frå Storbritannia. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget 14. plass med ei rangering på 14,62 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på 23. plass med ei rangering på 16,21.[2] Dette var andre gong sidan 1990 at bidraget som starta sist i finalen òg enda på sisteplass.

På scena var òg to støttevokalistar; Leanne Moore og Alison Vard Miller, to dansarar som òg spelte bodhrán-tommar; Alan McGrath og Colm Farrell, og ein trommeslagar; Nick Bailey.[3][4]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «song played 7th Feb Mooney Show RTE» (på engelsk). Stuart O'Connor. Henta 16. april 2013. 
  2. 2,0 2,1 Eurovision Team (28. mai 2013). «Split results of Eurovision 2013 revealed» (på engelsk). Henta 16. april 2014. 
  3. Roxburgh, Gordon (7. mai 2013). «The sound of drums for Ireland» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 16. april 2014. 
  4. «Ireland: Can Ryan Dolan make it Eight Wins?» (på engelsk). Eurovision Times. 6. mai 2013. Henta 16. april 2014. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Eurovision Song Contest 2013» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 29. mars 2013. 
  • Mal:Irske songar i Eurovision Song Contest