Opalescens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rayleighspreiing i opalescent glas. Glaset ser blått ut frå sida, medan lyset som skin gjennom steinen er oransj.[1]

Opalescens er den eigenskapen ved eit stoff at det opaliserer. Dette er ikkje ei form for luminescens, slik ordet kunne tyde på. Fargespelet kjem av interferens av lys som blir reflektert.

Opalisere tyder å skine som opal der lys blir reflektert på ein slik måte at lyset spelar i alle regnbogefargane og endrar seg ved den minste rørsla til auga eller lekamen. I opal kjem fargespelet av refleksjon mot mikroskopiske sprekkar eller liknande i krystallen. I gassar og væsker kjem opaliseringa av refleksjon frå eller bryting i dropar, boblar eller små partiklar.

Opalisere (blakke) brukast òg om eigenskap hos brennevin aromatisert med anis, som alle får ein mjølkeaktig utsjånad etter at ein har tilsett vatn .

Kjelder[endre | endre wikiteksten]