Opedal i Ullensvang

Koordinatar: 60°19′16″N 6°40′6″E / 60.32111°N 6.66833°E / 60.32111; 6.66833
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Opedal i september 2004.

60°19′16″N 6°40′6″E / 60.32111°N 6.66833°E / 60.32111; 6.66833 Opedal er eit gamalt gardsnamn og eit område på Lofthus i Hardanger. Namnet kjem truleg av elva Opo, som renn gjennom dalen.

I Opedal ligg det fleire gardar. Bøndene her livnærer seg i dag hovudsakleg av fruktdyrking.

På slutten av mellomalderen låg Opedal hospitium og kapell her. Truleg har dette vore ei avdeling av cisterciensarklosteret Lyse kloster. I 1551 vart det omtala som Opedal kloster, og nokre stadnamn fortel enno om munkane sin innverknad på bygda, t.d. Munkakjeldo, Munkastovo og Munkatreppene.

Opedal er også eit etternamn. Ein kjend berar av dette namnet var språkforskaren og lokalhistorikaren Halldor O. Opedal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Store Norske Leksikon om Ullensvang