OpenOffice.org

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
OpenOffice.org
OpenOffice.org Writer.png
Skjermdump av OpenOffice.org Writer.
Utviklar: Sun Microsystems, brukarnettverk
Nyaste versjon: 3.1.0 (7. mai 2009)
Operativsystem: Multiplattform (Linux, BSD, Solaris, Windows, Mac OS X)
Skrive i: C++, Java
Sjanger: Kontorpakke
Lisens: GNU Lesser General Public License
Nettstad: OpenOffice.org
Last ned


OpenOffice.org er ein kontorpakke som er basert på StarOffice. Programmet er eit gratis og fritt motstykke til Microsofts Microsoft Office. OpenOffice.org er tilgjengeleg på mange språk, mellom anna både bokmål og nynorsk. Det finst versjonar for ulike operativsystem som MS Windows, BSD/Unix/Linux og Mac OS X. Han støttar også det ISO-standardiserte OpenDocumentformatet og nyttar det som standard filformat.

OpenOffice.org kjem opphavleg frå StarDivision, eit tysk selskap som starta opp på 1980-talet. Hovudproduktet deira var programvarepakka StarOffice. I 1999 kjøpte Sun Microsystems opp selskapet. Eitt års tid etterpå opna Sun kjeldekoden og la dermed grunnlaget for OpenOffice.org. StarOffice blei samtidig vidareført som kommersielt produkt, og dei to programpakkane blir framleis utvikla i tett samarbeid.

Programpakka inneheld teksthandsamar, rekneark, teikneprogram, presentasjonsprogram og mykje anna. OpenOffice.org kan både lese og lagre dei filformata som Microsoft Office brukar.

Grunna lisensproblem kjem ikkje OpenOffice.org med innebygde norske ordbøker, desse må verte lasta ned etterpå separat på eiga hand.

[endre] Påskeegg

  • Ved å starte programmet Calc og skrive =Game("StarWars") i ei av cellene, dukkar det opp ein spelbar versjon Space Invaders. Om du derimot prøver å starte spelet på ny, kjem meldinga «oh no, not again». For å kunne spele meir lyt du difor avslutte Openoffice fullstendig.
  • Ved å starte Calc og skrive =Game(A1:C3;"TicTacToe") til celle A4, dukkar spelet Tic-tac-toe opp.
  • Ved å starte Calc og skrive =StarCalcTeam() i ei av cellene, dukkar det opp eit bilete av utviklarane samt namnet deira vert skreve til cella.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: OpenOffice.org