Opera seria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karikatur av ei oppføring av Händels opera Flavio[1]

Opera seria («alvorleg opera») er eit italiensk uttrykk for ei operaform som oppstod i Napoli og som blømde frå rundt 1710 til kring 1770. Under gullalderen til operaforma var det vanlege omgrepet dramma per musica («drama til musikk») eller melodramma serio, seinare vart opera seria den vanlege og litt nedsetjande omgrep på det som var vorte ei historisk musikkform.

Sjangeren var tett knytt til den sosiale strukturen på 1700-talet og tok ofte for seg mytologiske og heroiske emne på ein slik måte at herskarane på tida, adelege og kyrkjeleiarar vart legitimert og opphøgd.

Opera buffa («komisk opera») var den populære og folkelege motsatsen til opera seria.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Opera seria bygde på dei strenge dramma per musica-konvensjonane i høgbarokken ved å utvikle og utforske da capo-arien med si A-B-A form. Den første delen presenterte eit tema, den andre eit komplementært tema og den tredje var ei ornamentert og vidareutvikla versjon av det første temaet. Etterkvart som sjangeren utvikla seg og ariane vart lengre inneheldt ein opera seria ikkje meir enn tretti satsar.[2]

Ein typisk opera seria byrjar med ein ouverture i tre satsar (hurtig - langsam - hurtig) utan noko tilknyting til handlinga i operaen, det var til og med vanleg å gjenbruke musikk skriven for andre stykke. Like vanleg var det at gjestande songvirtuosar føydde sine medbrakte bravur-ariar inn i stykka.

Sjølve operaen bestod oftast av tre akter, kvar sett saman av fleire scener med eit resitativ og ein såkalla avskjedsarie som vart sunge før karakteren forlet scenen. Eit element som karakteriserer opera seria er affektlæren, ei førestilling om at visse musikalske grep påverkar den menneskelege psyken på særskilde måtar.

Formalt består ein opera seria hovudsakleg av satsparet resitativ-da capo-arie der handlinga vert driven framover i resitativet medan arien avgrensar seg til ein kommentar til det som skjer. Teksten i ein da capo-arie består vanlegvis av to eller tre setningar som vert strekt ut over fleire minutt i høgst virtuose koloraturar.

Tema[endre | endre wikiteksten]

Aktørane på opera seria-scenene var adelege og kongelege, og stort sett helter frå den antikke mytologien. Ein følgde reglane for eit strengt og lukka drama der sjølv personkonstellasjonane var fastlagt: prima og seconda donna (stort sett kvinnelege sopran/mezzosopran/alter), primo og secondo uomo (oftast kastratsopranar - stjernene i opera seria-scenane), ein mezzo carattere (gjerne baryton eller tenor) og ein eller fleire buffo-roller.

Figurane vert ikkje framstilt som psykologisk mangefasetterte og kjennande subjekt, men persontypar som representerer karaktertrekk, anten dyden, synda eller vakling mellom begge polane. Dei er heller ikkje fritt handlande personar som idealet elles i tida, men underkasta lagnaden eller viljen til gudane.

Stemmer[endre | endre wikiteksten]

Den tyske tenoren Anton Raaff i ei heroisk rolle

Opera seria fell saman i tida med glanstida til kastratsongarane. Dette var gjerne særs flinke gutesongarar som vart kastrert før puberteten for å kunne inneha ein kraftig sopran eller alt-stemme òg etter tiår med intens musikalsk trening. Dei fekk heroiske mannlege roller ved sidan av prima donnaene som på denne tida var nykommarar på operascenen. Desse nye stjernesongarane var enormt teknisk dyktige, og komponistane skreiv stadig meir kompleks vokalmusikk slik at songarane kunne briljere med teknikken sin. Ein av dei mest kjende er Farinelli som det i 1994 vart laget ein film om: Farinelli Il Castrato.

Sosial kontekst[endre | endre wikiteksten]

Opera seria var med få unntak ein sjanger for hoffet, monarkane og adelen. Døme på unntak er Georg Friedrich Händel og venetianske operakomponistar som tilpassa operaene sine til ein breiare smak.

Hoffet, og særskild monarken ville sjå sin eigen opphøgde posisjon gjengitt på scenen og handlingsforløpet vart kraftig påverka av dette kriteriet. Til dømes viser operaen Il re pastore Aleksander den store sine ærefulle føretak, og diktatoren blant publikum kunne sjå seg sjølv og sitt velmeinte autokrati reflektert i sine edle motpartar frå antikken. Mange aspekt ved scenesettinga medverka òg til dette, til dømes kunne både scenen og salen vere lyssett på same måte, scenografien kunne vere ein kopi av palasset der operaen vart halde, og det vart til og med oppført operaer der medlemmer av monarkiet vart framstilt eller deltok på scenen.

Med den franske revolusjonen følgde store politiske endringar i Italia, og etterkvart som gamle autokratiske republikkar vart erstatta med meir egalitære vart dei gamle arkadiske ideala i opera seria irrelevante. No kunne herskarane lide ein valdeleg død på operascenene og hierarkiet av songarane braut saman under dei nye sosiale ideala. Opera seria var så tett knytt opp til dei regjerande klassene i l'ancien régime at dei gjennomgripande sosio-politiske endringane gjorde at tida for sjangeren var over.

Viktige opera seria-komponistar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Scenen viser tre av dei mest kjente opera seria-sjangrane: i midten divaen Francesca Cuzzoni, til venstre Senesino, til høgre Gaetano Berenstadt, dei to siste var kastratsongarar
  2. Marita P. McClymonds, Daniel Heartz. "Opera seria", Grove Music Online, ed. L. Macy, grovemusic.com. Seksjon 1: "Dramaturgy"