Operasjonalisering
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Å operasjonalisere eit konsept er å gjere data målbare ved observasjon eller eksperimentering. Operasjonalisering er viktig, sidan noko me trudde var eitt enkelt konsept, kan vise seg å gi ulike svar ved ulike målemetodar.
Eit banalt døme på operasjonalisering er å måle kor sint ein person er (noko som er vanskeleg å vite utan å vere personen sjølv) ved å måle volumet på talen deira i desibel. Slik kan ein unngå ein mogleg subjektiv overdriving eller underdriving som ville kome om ein berre nytta spørjeskjema.