Operasjonsforsterkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk

Operasjonsforsterkaren er ein viktug byggjestein i mange analoge, elektroniske system. Operasjonsforsterkaren gjev høve til å utføra vanlege matematiske operasjonar som addisjon, subtraksjon, integrasjon og derivasjon på elektriske spenningar.

Operasjonsforsterkaren er oppbygd av ulike transistorkonfigurasjonar som ideelt sett skal gjeva ein differensialforsterkar med uendeleg høg inngangsimpedans, uendeleg høg råforsterking og null utgangsimpedans. Ved å byggja eit nettverk av passive komponentar som motstandar og kondensatorar kring operasjonsforsterkaren, kan ein styra utgangssignalet på operasjonsforsterkaren. Ein ideell operasjonsforsterkar kan soleis kontrollerast ved hjelp av passive attendekoplingar åleine. Dette gjer operasjonsforsterkaren lite sensitiv til miljøpåverknader som til dømes varme eller prosessvariasjonar under krinsproduksjonen.

Spire Denne elektronikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.



Personlege verktøy