Opiat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Opiat (av «opium» og «-at», 'produkt') er ei felles nemning på ulike legemiddel som er framstilt frå opiumsvalmuen.[1]

Stoff som allereie finst i safta til opiumsvalmuen - morfin, kodein, tebain, noskapin og papaverin - er rekna som naturlege opiat. Stoff som er danna frå desse i laboratorium, som heroin, etylmorfin, oksykodon og buprenorfin, er semisyntetiske opiat.

Opiat har vore brukt i fleire tusen år innan folkemedisin for å lindre smerte, i religiøse samanhengar og som rusmiddel.[2] I dag kan ein framstilla alle dei naturlege opiata syntetisk, utan bruk av valmuar. «Opiat» er dermed rekna som eit avleggs omgrep innan medisinen, og i staden bruker ein nemninga «opioid».[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 A A Westin, E J H Strøm, L Slørdal, «Opiat eller opioid?»
  2. «Opium: velsignelse og byrde», Rusmidler fra Det gyldne triangel, Etnografisk museum i Oslo