Oppdal kommune
| Oppdal kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1634 |
| Fylke | Sør-Trøndelag |
| Adm.senter | Oppdal |
| Areal | 2 273 km² |
| Folkemengd | 6 766 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2003-) | Ola Røtvei (Ap) |
| Målform | Nøytral |
| Nettstad | www.oppdal.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Oppdal kommune på Commons | |
Oppdal (norr. Uppdal(i)r) er ein kommune i Sør-Trøndelag fylke som ligg i grenseområdet mellom Sør-Trøndelag, Hedmark, og Møre og Romsdal. Kommunen har ei flatevidd om lag på storleik med Vestfold fylke, men størsteparten er fjell i almenning. Den største tettstaden er kommunesenteret Oppdal.
Bygda har sterke jordbrukstradisjonar, særleg i sauehald, men småindustri og turisme har i dei seinare åra auka. Oppdal har i dag eit av dei største alpinanlegga i Noreg.
Innhaldsliste |
Samferdsle [endre]
Dovrebanen går gjennom kommunen og har faste stopp på Oppdal stasjon. I tillegg stoppar somme tog på Kongsvoll stasjon. Lokaltog stoppar på Fagerhaug stasjon.
Europaveg 6 går òg gjennom kommunen parallelt med Dovrebanen.
Soge [endre]
Den fyrste busetnaden i Oppdal har truleg vore forbunde med rike jaktressursar i fjelltrakta, men over tid har krysset mellom handelsvegane til Mørekysten og nordover til Trondheim lagt grunnlag for vekst.
Gravfeltet på Vang, eit gamalt maktsentrum, er landets største, med over 800 gravhaugar. Etter innhaldet i gravhaugane å døma har sauehald og foredling av ull vore ei hovudnæring i Oppdal i vikingtida. Etterspørselen etter ull til råsegl var truleg stor, og ullhandel med kyststròka kan forklara den store rikdomen gravgodset i gravhaugane avspeglar.
Oppdal kom seint med i Frostatinget, og fekk då tre representantar.
Pilegrimsleia til St. Olavs skrin gjekk gjennom Oppdal i mellomalderen. Det er nemnt fire kyrkjer her i mellomalderen: ei på Vang (vigd til St. Edmund), ei på Ålbu, ei ved Stavåa på Nordskogen, og Håkon Håkonsson reiste dessutan ei kyrkje på Lo i Drivdalen. Alle er no bortkomne, men det finst ei teikning frå 1600-talet av stavkyrkja på Vang, og Gerhard Schøning påviste restar av kyrkjemuren ved Stavåa. Kyrkja på Lo har sett spor etter seg i lokale stadnamn.
Samfunnet vart hardt ramma av Svartedauden.
Bakgrunnsstoff [endre]
Fotnotar [endre]
| Kommunar i Sør-Trøndelag | ||
|---|---|---|
| Agdenes · Bjugn · Frøya · Hemne · Hitra · Holtålen · Klæbu · Malvik · Meldal · Melhus · Midtre Gauldal · Oppdal · Orkdal · Osen · Rennebu · Rissa · Roan · Røros · Selbu · Skaun · Snillfjord · Trondheim · Tydal · Ørland · Åfjord | ||