Oppdikta plantar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Oppdikta plantar er plantar som er blitt oppdikta og som ikkje finst i røynda. Oppdikta blomar, tre og andre plantar dukkar opp mytologi og folklore, og i nyare medium som TV, film og bøker.

Mytologi og folkeminne[endre | endre wikiteksten]

Treskulptur frå den mesoamerikanske sjaktgravtradisjonen.

Det finst mange underlege plantar i mytologi og folkeminne, som verdstre, livstre og heilage tre. I hindumytologi veks jambutreet på Jambudvīpa, med frukter så store som elefantar, som når dei knuser slepp ut store elvar av fruktsaft. I norrøn mytologi bind Yggdrasil saman dei ulike delane av verda, og er opphavet til verdselvane, som renn frå gevira til fire hjortar som lever i treet.

I eventyr kan plantar og tre vera magiske, til dømes kan det opptre skogar av metall, som jarnskogar,[1] sølvskogar og gullskogar.[2][3] I slaviske og austeuropeiske tradisjonar finst bregneblomen, som blømer ei kort tid kring midsommar og kan bringa magiske evner, som evna til å forstå dyr, rikdom og fruktbarheit, men også kan bringa ulukke frå ånder som vaktar han. Raskovnik er ein urt som kan opna alt som er lukka.

Tatarsk lam eller Barometz er ein plante ein skal ha trudd på i Europa i mellomalderen. Planten voks i Sentral-Asia og hadde sauer som frukt. Sauene var knytte til plantane med ein navlestreng, og beita rundt han. Når beitet var ete opp døydde både sauen og planten.[4][5]

Plantar frå skjønnlitteratur[endre | endre wikiteksten]

J.R.R. Tolkien si verd (1937 og seinare)[endre | endre wikiteksten]

Tenkt våpenskjold for Gondor som syner det kvite treet Nimloth.
  • Aeglos: ein plante som likna på gulltorn, med eit alvisk namn som tyder ‘snøtorn’.[6]
  • Athelas: ein lækjande plante med lange lauv (også kalla Kingsfoil eller asëa aranion)[6][7][8]
  • Dei to trea i Valinor: Sølvtreet Telperion og gulltreet Laurelin, to magiske tre som lyste opp Valinor i gammal tid.[6]
  • Elanor: ein liten, stjerneforma gul blom frå Tol Eressëa og Lothlórien.[6]
  • Entar og huornar: Treaktige vesen som kan røra seg og som vaktar over skogane.
  • Mallorn: eit stort tre med grøne og sølvfarga blad som blir gylne om hausten og sit på treet til våren,[6] som huser alvane i Lothlórien.[9]
  • Nimloth: det kvite treet i Númenor, eit avkom av Celeborn, som stamma frå Galathilion, som blei skapt i bildet til sølvtreet Telperion.[T 1][T 2][6]
  • Niphredil: ein liten kvit blom frå Doriath og Lothlórien[6]
  • Old Man Willow: Eit vondskapsfull treånd som dreg makt ut av bakken og herskar over skogen.
  • Pipe-weed eller pipeurt: ein type Nicotiana (tobakk). Variantar som er nemnde er Longbottom Leaf, Old Toby og Southern Star, som blir dyrka i The Shire, og Southlinch, frå Bree.[10][11]
  • Oiolairë: eit vintergrønt, velluktane tre som var høgt skatta av Númenór-buarane.[6][12]
  • Simbelmynë: ein kvit blom som voks i Gondolin og Rohan (også kjend som Evermind og Alfirin)[6][13]

The Day of the Triffids (1951) av John Wyndham[endre | endre wikiteksten]

Trifidar er kjøtetande plantar som kan forflytte seg ved hjelp av med fotliknande plantedelar. Dei har ein piske som kan gi giftige stikk. Dei spelar ei viktig rolle i John Wyndham sin roman The Day of the Triffids. Ut frå romanen laga Giles Cooper ein høyrespelseirie. Han blei send på NRK radio i 1969 med tittel I trifidenes dager. Høyrespelseirien haddde 6 episodar.[14]

Det har og vorte laga film- og TV-produksjonar på bakgrunn av boka.

Hyperion Cantos av Dan Simmons (1989 og seinare)[endre | endre wikiteksten]

  • Tesla trees er store tre som kan samla opp elektrisitet i nokre årstider og sleppa han ut i store lyn frå krona som brenn opp alt som finst rundt dei og dermed gjev trea næring.
  • Tree of Thorns eller Tree of Pain er eit kjempestort metallisk tre som får «liv» gjennom smerta til tallause menneskeoffer.[15]
  • Treeships er levande tre som reiser gjennom verdsrommet drive fram av ergs (edderkoppaktige vesen som stråler ut kraftfelt).

J.K. Rowling sin Harry Potter-serie (1997 og seinare)[endre | endre wikiteksten]

Magisk alruneplante (mandrake) frå Harry Potter-filmane.

Plantar i Harry Potter-serien kan brukast i eliksirar, som hindringar og har ofte spesielle effektar. Faget «Biologi» på Galtvort handlar mykje om magiske plantar.

  • Prylepila er eit gigantisk, valdeleg piletre som ligg ved Galtvort. Treet blei planta då Remus Lupus byrja på Galtvort. Lupus er ein varulv og trong ein plass å opphalde seg når han blei omskapt til varulv ein gong i månaden. Ved røtene til prylepila startar ein tunnel som fører til Hylehuset.
  • Gjellegras kan brukast til å kunne puste under vatn. Harry brukar det til å kunne vere under vatn i over ein time under Tretrollmannsturneringa i den fjerde boka, Harry Potter og ildbegeret.
  • Djevelsnarre har eigenskapen til å kvele og binde alt som kjem nær han. Planten likar mørke og fukt, men er svak mot sollys og varme. I den fyrste boka, Harry Potter og de vises stein, er planta ein av hindringane som er der for å vakte de vises stein.
  • Når ei alrune skrik, er det døyeleg for alle som høyrer det. Plantene kan brukast til å vekkje opp dei som har blitt forsteina, altså utsett for for eksempel ein basilisk. Ein høyrer om planta i boka og filmatiseringa av Mysteriekammeret.
  • Den naturlege levestaden til Gufsulus Gufsletonia er Assyria. Dersom ein rører han, sender han ut illeluktande saft. Nilus Langballe får ei plante som dette i sitt femte år på Galtvort.
  • Byllerot. Denne magiske planta lærer elevane på Galtvort om i fjerde året. Byllerotpuss fungerer som behandling mot kviser, men dersom pussen ikkje er fortynna, kan han ha negativ verknad på ubeskytta hud.
  • Eldfrø er eit frø frå Eldfrøbusken som kan brukast i eliksirar. For å sanke frøa må ein kjøle dei ned.
  • Moly er ein plante som beskyttar mot svartekunstar. Dei kan finnast i drivhusa på Galtvort.

Plantar frå filmar[endre | endre wikiteksten]

The Little Shop of Horrors (1960)[endre | endre wikiteksten]

Audrey Jr. er ein menneskeeetande plante som kan snakka i skrekkomediefilmen The Little Shop of Horrors frå 1960. Han blir dyrka frå frø ein blomsterbutikktilsett har fått av ein «Japanese gardener over on Central Avenue.»[16]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Oskefoten vinn prinsessa og halve riket», Eventyr og Sagn - Norsk Folkeminnesamling, henta 16. mars 2024 
  2. «Blåoksen», Eventyr og Sagn - Norsk Folkeminnesamling, henta 16. mars 2024 
  3. Qvigstad, J. (Just) (1927), Lappiske eventyr og sagn., Getty Research Institute, Oslo, H. Aschehoug & Co.; Cambridge, Mass., Harvard University Press; [etc., etc.], henta 16. mars 2024 
  4. Tree Ferns, Timber Press, Portland, Oregon 2004, s. 360. ISBN 978-0881926309. 
  5. Henry Lee (1887), The Vegetable Lamb of Tartary: A Curious Fable of the Cotton Plant. To which ... (på engelsk), University of California, S. Low, Marston, Searle, & Rivington, henta 16. mars 2024 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 6,7 6,8 Judd, Walter S.; Judd, Graham A. (2017). Flora of Middle-Earth: Plants of J.R.R. Tolkien's Legendarium. Oxford University Press. s. 73–346. ISBN 978-0-19-027631-7. 
  7. The Fellowship of the Ring, "Flight to the Ford"
  8. The Return of the King, "The Houses of Healing", Index IV
  9. The Fellowship of the Ring, "Lothlórien"
  10. The Lord of the Rings, "Prologue"
  11. The Return of the King, "Homeward Bound"
  12. Unfinished Tales, "A Description of the Island of Númenor"
  13. The Two Towers, "The King of the Golden Hall"
  14. «I trifidenes dager». NRK. Henta 15. mars 2024. 
  15. The Fall of Hyperion
  16. The Little Shop Of Horrors, archive.org, 1927, hendinga finn stad ved 11.33 
  1. The Silmarillion, "Quenta Silmarillion", ch. 3 "Of the Coming of the Elves and the Captivity of Melkor"
  2. The Silmarillion, "Quenta Silmarillion", ch. 8 "Of the Darkening of Valinor"
  • Harry Potter og Mysteriekammeret av J.K. Rowling
  • Harry Potter og Fangen fra Azkaban av J.K. Rowling
  • Harry Potter og Halvblodsprinsen av J.K. Rowling
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.