Oppkuven-Smeddalen naturreservat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Oppkuven-Smeddalen naturreservat (4 105 dekar) er ein lite påverka grenselokalitet for subalpin barskog) vart oppretta 23. juni 1995 og ligg på Krokskogen i Ringerike kommune. Oppkuven (704 moh.) er ein av dei høgaste toppane i Nordmarka med vid utsikt i ulike himmelretningar. Toppartiet er småkupert med kollar, myrdrag og småvatn. Smeddalen skjær inn i Oppkuven-massivet som ein trong sprekkedal frå aust-nordaust. Skogbildet er dominert av storvokse, gammal gran. Området utgjer eit vakkert og eigenarta skoglandskap i Nordmarka. Dei botaniske verneverdiane er særs høge i Markasammenheng.

Den såkalla Gamla på Oppkuven er eit av Noregs eldste levande grantre, rekna med å vere heile 458 år gammal i 2003. Då ho vart oppdaga i 1994 trudde ein at treet kunne vere Nordens eldste gran (Rolstad et al. 1996), men så fann M. Niklasson og T. Zielonka ei eldre gran i Vilhelmina i Nord-Sverige som ein reknar med er heile 587 år (ref. Svensk Botanisk Tidskrift, 1999, vol 93, s. 287-293). I Rollag finst det dessutan eit par grantre som òg er eldre, den såkalla Minneskleivgrana (ca. 479 år) og Dyrenatten-grana (ca. 473 år). På Oppkuven finn ein òg Smaltjernsgrana (ca. 425 år) og Gjelleråsen-grana (ca. 411 år).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]