Oppløysingsrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Oppløysingsrett er i parlamentariske demokrati den retten regjeringa eller statsministeren på deira vegner, har til å løysa opp parlamentet og lysa ut nyval. Denne retten kan brukast for å løysa ei stoda med eit parlament utan nokon styringsfør koalisjon eller fleirtal som kan stø noko regjering, når parlamentet korkje er viljugt eller i stand til å samarbeida. Retten kan òg brukast som eit trugsmål for å tvinga fram samarbeid mellom regjering og parlament. Noreg er eit av dei få landa med parlamentarisme der regjeringa ikkje har denne retten.

Ei anna utgåva av oppløysingsretten er når parlamentet har høve til å oppløysa seg sjølv. Denne retten er sjedsynt.

Oppløysingsretten er òg ein rett hjå somme presidentar i semipresidentielle demokrati.